Hopp til innhold
X
Innhald

Toll

Toll, offentleg avgift på varer som blir innførte eller utførte over ei landegrense.

Innførselstoll på utanlandske varer er den viktigaste og vanlegaste forma for toll. I somme land finn ein òg toll på utførsel av heimlege varer (utførselstoll) og på innanlandsk frakt av utanlandske varer (transitt-toll), men desse typane toll er sjeldne i dag.

Det blir skilt mellom fiskaltoll, som skal skaffe staten inntekter, og proteksjonistisk toll, som tek sikte på å verne innanlandsk produksjon ved å gjere konkurrerande utanlandske varer dyrare. Det som skal betalast i toll for ei vare, går fram av tolltariffen, som klassifiserer varene i særskilte postar eller posisjonar som tollfrie eller tollpålagde.

Satsane er anten sette som ein viss prosent av verdien (ad valorem), verditoll, eller som eit bestemt beløp per mengdeeining (som regel vekt), spesifikk toll.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018