Hopp til innhold
X
Innhald

Valuta

Valuta (italiensk, 'verdi', 'pris'), utanlandske betalingsmiddel, mynteininga i eit land. 

I samband med ein renteberande konto vil valuta per ein dato seie at beløpet skal forrentast frå denne datoen. Valutakurs er forholdet mellom mynteiningane i to land, uttrykt ved vekslingskursen. 

Kursane kan vere faste, til dømes knytte til ein hovudvaluta, relativt faste, noko som vil seie at dei varierer innanfor avtalte grenser i forhold til ein gruppe andre valutaer, eller flytande, det vil seie avhengig av tilbod og etterspørsel på valutamarknaden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.12.2018
Sist oppdatert: 13.12.2018