Hopp til innhold
X
Innhald

Velferdsøkonomi

Velferdsøkonomi, del av samfunnsøkonomien som særleg drøftar val av økonomisk politikk, til dømes skattesystem, miljøverntiltak, val av økonomisk system (privatkapitalisme, sosialisme osv.).

Sentralt i vurderingar om velferdsøkonomi står Pareto-prinsippet, som går ut på at ein tilstand er betre enn ein annan dersom minst éin person blir betre stilt og ingen dårlegare.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018