Hopp til innhold
X
Innhald

Verdi

Verdi, i filosofien brukt om ein eigenskap ved ein gjenstand, ein person eller ei handling.

Verdisubjektivismen hevdar at verdi berre eksisterer som resultat av ein person eller ei gruppe si vurdering. Verdiobjektivismen meiner derimot at det finst ein objektiv verdimålestokk.

I økonomisk samanheng er verdi den prisen ei vare kan oppnå på marknaden ved eit gitt tidspunkt. Bruksverdi er den verdien ei vare har som bruksgjenstand, i motsetnad til den prisen ein oppnår ved sal (byteverdi). Den klassiske arbeidsverdilæra hevda at det arbeidet som går med til å produsere ei vare, er bestemmande for verdien.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018