Hopp til innhold
Nikolai Astrup. Foto: Stortinget.
Nikolai Astrup. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Nikolai Astrup (politikaren)

Nikolai Eivindssøn Astrup, digitaliseringsminister for Høgre, er ein av fleire Høgre-statsrådar på 2000-talet som har bakgrunn frå miljøet rundt det konservative tidsskriftet Minerva.

Nikolai Eivindssøn Astrup vart fødd 12.6.1978 i Oslo. Astrup gjekk på bachelorstudiet i internasjonale relasjonar på  London School of Economics and Political Science 1997–2000. I 2005 fullførte han mastergraden i europeisk politikk og styring frå same staden.

 

Etter bachelorgraden arbeidde han som konsulent innan strategi og forretningsutvikling i Arkwright AS 2000–2002. Han var ansvarleg redaktør i det liberalkonservative tidsskriftet Minerva 2001–2008, vitskapleg assistent på London School of Economics and Political Science 2005–2006. Frå 2006 til 2008 var han politisk rådgivar i stortingsgruppa til Høgre, I 2008–2009 arbeidde han som byrådssekretær for byrådsleiaren i Oslo.

 

I 2009 vart Astrup vald inn på Stortinget for Oslo Høgre etter å ha vore vararepresentant perioden før. Sidan 2013 har Astrup vore parlamentarisk nestleiar i Høgre. Frå 2009 til 2015 var han medlem i energi- og miljøkomiteen, frå 2013 nestleiar. I 2015 vart han leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen, og var det fram til 2017 då han vart leiar av finanskomiteen. 17. januar 2018 vart han statsråd for utviklingssaker i Utanriksdepartementet. 22. januar 2019 vart han statsråd for digitalisering i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

 

Astrup var leiar av Oslo Unge Høgre i 2002, og hadde vervet til 2004. I 2008 vart han nestleiar og frå 2012 leiar av Oslo Høgre og medlem i Høgres sentralstyre. 2011–2013 var Astrup medlem av sentralstyret i Europabevegelsen. Sidan 2008 har han leia Høgres EU-utval.

 

Nikolai Astrup er ein glødande EU-tilhengjar, og har har hatt dette som ein av sine politiske hovudsaker. Europeisk ungdom gav han i 2011 prisen "årets europear". Han fekk prisen for å diskutere aktuelle europasaker, for å kjempe for norsk EU-medlemskap og samtidig engasjere seg mot enkeltsaker i EU-systemet han er usamd i, som til dømes datalagringsdirektivet. På Stortinget har Astrup vore ein markant miljøpolitikar. Han har markert Høgre i klimasaker på ein måte få andre har gjort før han. Han argumenterer ideologisk for at eit liberalkonservativt parti må ta vare på kloden for komande generasjonar.

 

Kjelder

Nikolai Astrup, stortinget.nohttps://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=NA [lesedato 16.1.2018]

«Nikolai Astrup er Årets Europeer», europeiskungdom.no: http://www.europeiskungdom.no/nikolai-astrup-er-arets-europeer/ [lesedato 16.12.2018]

«Endringer i departementsstrukturen», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/endringer-i-departementsstrukturen/id2626358/ [lesedato 23.1.2019]

 

Først publisert: 17.01.2018
Sist oppdatert: 23.01.2019