Faktaboks

Solveig Sundbø Abrahamsen
Fødd
13. september 1963, Seljord, Telemark
Solveig Sundbø Abrahamsen.

Solveig Sundbø Abrahamsen er ein norsk politikar for Høgre som var ordførar i Seljord 2007–2013, fast møtande vararepresentant til Stortinget 2013–2017 og stortingsrepresentant frå Telemark 2017–2021.

Bakgrunn

Solveig Sundbø Abrahamsen er fødd i Seljord. I 1982 fullførte ho samfunnsfaglinja ved vidaregåande skule. Ho er utdanna førskulelærar frå Høgskulen i Telemark (no Universitetet i Sørøst-Norge) i 1986 og tok seinare vidareutdanning same stad, til rettleiar i 1997 og i norsk i 2005.

Abrahamsen var lærar ved Åmotsdal skule i Seljord 1986–88, styrar i Flatdal og Åmotsdal barnehage 1988–97 og lærar ved Flatdal skule i Seljord frå 1997. Ho vart tilsett som rektor ved Flatdal skule i 2007, men hadde permisjon frå stillinga då ho var heiltidspolitikar.

Politisk karriere

I 1999 vart Abrahamsen vald inn i Seljord kommunestyre. Frå 2003 var ho medlem av formannskapet, og 2007–2013 var ho ordførar i Seljord. I 2013 gjekk ho tilbake til rolla som vanleg kommunestyremedlem. I perioden 2011–2015 var ho medlem av fylkestinget i Telemark.

I 2013–2017 var Abrahamsen vararepresentantStortinget og var fast møtande vararepresentant for statsråd Torbjørn Røe Isaksen i heile denne perioden. I denne perioden var ho medlem av finanskomiteen på Stortinget. Ho var vald inn som stortingsrepresentant for Høgre frå Telemark for perioden 2017–2021. Ho var då medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen. Ho søkte ikkje attval ved stortingsvalet i 2021.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg