Abraham Berge
Abraham Berge, politikar. Statsminister i Noreg og første formann i Frisinna Venstre.
Anton Christian Bang
Anton Christian Bang
Anton Christian Bang, kyrkjehistorikar, biskop og politikar. Han var den første som omsette juleevangeliet til landsmål.
Børge Brende
Børge Brende
Børge Brende, president i Verdas økonomiske forum og tidlegare utanriksminister.
Carl Berner d.e.
Carl Berner d.e.
Christian Botha
Christian Botha, lærar, forfattar og språkpolitikar. Han stod midt i språkstriden i slutten av 1930-åra, då Stortinget vedtok nye rettskrivingsreglar, som skulle byggje bru mellom bokmål og nynorsk.
David Olsson Bakke
David Olsson Bakke, bonde, målmann, avisredaktør, stortingsmann og lokalhistorikar. Gjennom fleire tiår var han ein av dei fremste radikale bygdepolitikarane på Vestlandet.
Elias Blix
Elias Blix
Elias Blix var professor og politikar, men framfor alt kjend som salmediktar og bibelomsetjar. Gjennom virket sitt står Blix som den fremste pioneren for nynorsk kyrkjespråk.
Erik Brofoss
Frank Bakke-Jensen
Frank Bakke-Jensen
Frank Bakke-Jensen, forsvarsminister frå hausten 2017. Tidlegare sjølvstendig næringsdrivande, ordførar og stortingsrepresentant for Høgre frå Finnmark.
Fredric Holen Bjørdal
Fredric Holen Bjørdal
Fredric Holen Bjørdal, stortingsrepresentant. Holen Bjørdal har hatt fast plass på Stortinget sidan 2013 som representant for Arbeidarpartiet frå Møre og Romsdal. Då han vart vald inn i 2013 var han med sine 23 år ein av dei to yngste på Stortinget.
Geir Jørgen Bekkevold
Geir Jørgen Bekkevold
Geir Jørgen Bekkevold er prest, men har vore stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Telemark sidan 2009.
Gro Harlem Brundtland
Gro Harlem Brundtland
Gro Harlem Brundtland, politikar. Leiar i Arbeidarpartiet og statsminister tre gonger. Brundtland er Noregs første kvinnelege statsminister.
Hagbard Berner
Hagbard Berner
Hagbard Emanuel Berner var avisredaktør, politikar, forleggjar og foreiningsmann.
Hallgrim Berg
Hallgrim Berg
Hallgrim Berg, politikar, har vore stortingsrepresentant for Høgre frå Buskerud. Han er òg kjend som folkemusikar.
Hanne Bjurstrøm
Hanne Bjurstrøm
Hanne Inger Bjurstrøm, advokat og tidlegare politikar, har vore arbeidsminister for Arbeidarpartiet og er sidan 2016 likestillings- og diskrimineringsombod.
Helen Bjørnøy
Helen Bjørnøy
Helen Oddveig Bjørnøy, prest, tidlegare miljøvernminister, fylkesmann i Buskerud og generalsekretær i Kyrkjas Bymisjon og Plan Noreg. Frå 2019 sit ho i formannskapet i Lillestrøm for SV.
Haakon Blankenborg
Haakon Blankenborg
Haakon Blankenborg, avdelingsdirektør i Utanriksdepartementet, var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i seks periodar.
Jens Bratlie
Jens Bratlie
Jens Bratlie, general og politikar. Han vart statsminister i 1912 då Wollert Konow måtte gå av som regjeringssjef etter å ha talt varmt om målsaka.
John G. Bernander
John G. Bernander
John Gordon Bernander, næringslivsleiar og politikar, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre og kringkastingssjef i NRK.
Kjell Bondevik
Kjell Bondevik, folkeminnegranskar, lektor og sentral politikar i KrF gjennom etterkrigstida.
Kjell Magne Bondevik
Kjell Magne Bondevik
Kjell Magne Bondevik, politikar. Tidlegare statsminister, mangeårig partileiar for KrF og leiar av Oslosenteret.
Lan Marie Nguyen Berg
Lan Marie Nguyen Berg
Lan Marie Nguyen Berg, klimavitar, politikar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) og byråd for miljø og samferdsel i Oslo, som er det viktigaste utøvande organet der ein representant for MDG nokon gong har vore leiar.
Lars Berg
Lars Berg
Lars Kornelius Edvard Berg var lærar og forfattar. Han var motstandsmann og krigsfange under andre verdskrigen. Berg tok initiativ til skipinga av Hålogaland Teater.
Lars Peder Brekk
Lars Peder Brekk
Lars Peder Brekk, sosialøkonom, tidlegare stortingsrepresentant for Senterpartiet og fiskeriminister (2000) og landbruks- og matminister (2008—12). Frå 2014 er han leiar av Brønnøysundregistra.
Leiv Blakset
Leiv Blakset
Leiv Blakset, gardbrukar, lærar og SP-politikar frå Nordfjord.
Lisbeth Berg-Hansen
Lisbeth Berg-Hansen, stortingsrepresentant og tidlegare fiskeri- og kystminister. Ho var statssekretær ved Statsministerens kontor i den første Stoltenberg-regjeringa og har vore visepresident i Næringslivets Hovedorganisasjon.
Ludvig Olai Botnen
Ludvig Olai Botnen
Ludvig Olai Botnen, journalist i Firda, lærar, ordførar og stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane frå Venstre frå 1961 til 1969. I 1980 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.
Marianne Borgen
Marianne Borgen
Marianne Borgen, sosiolog, politikar for Sosialistisk Venstreparti i ei årrekkje og ordførar i Oslo frå 2015. Ho er den første ordføraren frå Sosialistisk Venstreparti i Oslo.
Nils T. Bjørke
Nils T. Bjørke
Nils T. Bjørke, bonde, tidlegare leiar i Noregs Bondelag og stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Hordaland.
Olaug Bollestad
Olaug Bollestad
Olaug Vervik Bollestad, sjukepleiar, tidlegare ordførar i Gjesdal kommune, nestleiar i Kristeleg Folkeparti og landsbruks- og matminister frå 2019.
Ottar Befring
Ottar Befring, offiser og politikar for Arbeidarpartiet, har vore fylkesmann i Møre og Romsdal.
Otto Blehr
Otto Blehr
Otto Albert Blehr, politikar. Statsminister og statsråd i fleire Venstre-regjeringar. Han hevda at folkesuvereniteten måtte stå over både kongen og grunnlova.
Per Borten
Per Borten, politikar. Han var formann i Bondepartiet/Senterpartiet 1955–1967 og statsminister 1965–1971.
Paal Berg
Paal Berg
Paal Olav Berg, jurist og politikar for Venstre, var sentral i den norske motstandskampen under andre verdskrigen og var den offisielle leiaren for Heimefronten.
Sandra Borch
Sandra Borch
Sandra Konstance Nygård Borch, politikar og tidlegare leiar i Senterungdommen, ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet, 2011–13.
Sandra Bruflot
Sandra Bruflot
Sandra Bruflot, lærarstudent, politikar og leiar i Høgre sin ungdomsorganisasjon Unge Høgre frå 2018.
Sjur Bygd
Sjur Bygd var forfattar, gardbrukar, lokalpolitikar og bankmann. Bøkene hans er fine og djuptloddande skildringar av bygdesamfunn i ei brytingstid.
Teodor Bruu
Teodor Bruu
Teodor Nordenstrøm Bruu, filosofistudent og ein av to talspersonar for Grøn Ungdom frå 2018.
Terje Breivik
Terje Breivik
Terje Breivik, gründer, tidlegare ordførar i Ulvik og generalsekretær i Venstre. Han er parlamentarisk leiar, nestleiar i partiet og stortingsrepresentant for Venstre frå Hordaland.
Tina Bru
Tina Bru
Tina Bru, politikar og stortingsrepresentant for Høgre frå Rogaland. Frå 2020 er ho olje- og energiminister i Erna Solberg si blå-grøne regjering.
Tor Bremer
Tor Bremer
Tor Bremer, gardbrukar og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane. Frå 2013 er han vararepresentant til Stortinget.
Torgeir Bjørnaraa
Torgeir Bjørnaraa
Torgeir Drengsson Bjørnaraa, naturforteljar, journalist og lærar. Han var ein tidleg popularisator av naturvitskap og blei den fremste naturskildraren på landsmål.
Trude Brosvik
Trude Brosvik
Trude Brosvik, sentral og markant politikar for KrF i Sogn og Fjordane.
Trygve Bratteli
Trygve Bratteli
Trygve Bratteli, politikar. Statsminister og formann i Arbeidarpartiet. Ein undervurdert politikar i norsk historie.
Une Aina Bastholm
Une Aina Bastholm
Une Aina Bastholm, statsvitar, politikar, stortingsrepresentant og frå 2020 leiar i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).
Aasulv O. Bryggesaa
Aasulv Olsen Bryggesaa, lærar, gardbrukar, leiande Venstre-politikar og kyrkjeminister.