Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Brofoss

Erik Brofoss, 1908–79, var jurist, økonom og politikar i Arbeidarpartiet. Brofoss var finansminister i 1945–47, handelsminister i 1947–54, sjef for Noregs Bank i 1954–70, og direktør for Det internasjonale valutafondet i 1970–73. Han hadde dessutan hovudansvaret for planlegginga av gjenreisinga etter krigen. Brofoss innførte nasjonalbudsjettet som grunnlag for den økonomiske planlegginga. Han kom til å spele ei viktig rolle i utviklinga av norsk distriktspolitikk, mellom anna som leiar av styret for Distriktenes utbyggingsfond mellom 1961 og 1978.

Først publisert: 02.02.2015
Sist oppdatert: 02.02.2015