Hopp til innhold

Fredric Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal, stortingsrepresentant. Holen Bjørdal har hatt fast plass på Stortinget sidan 2013 som representant for Arbeidarpartiet frå Møre og Romsdal. Då han vart vald inn i 2013 var han med sine 23 år ein av dei to yngste på Stortinget. 

Fredric Holen Bjørdal er fødd i Ørsta 9. mars 1990. Han kom tidleg med i politisk arbeid og vart som 14-åring leiar for ungdomsrådet i Ørsta. Nokre år seinare vart han òg leiar for Ungdomspanelet / Ungdommens fylkesting i Møre og Romsdal. Han var styremedlem og seinare leiar i AUF i Møre og Romsdal og frå 2010 også medlem av sentralstyret i AUF. Holen Bjørdal har vore medlem av styret og arbeidsutvalet i Møre og Romsdal Arbeidarparti, og han har vore både medlem og gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Ørsta kommunestyre. 

Ved stortingsvalet i 2013 vart han vald som representant nummer fem frå Møre og Romsdal, og fekk etter eige ønske fått plass i arbeids- og sosialkomiteen. Nettopp sosialpolitikk, arbeidslivspolitikk og utdanningspolitikk er dei politikkområda som engasjerer han mest. Han vart vald inn for ein ny periode på Stortinget ved stortingsvalet i 2017 og fekk då plass i finanskomiteen, også denne gongen i tråd med førsteønsket. 

Holen Bjørdal har heile livet vore oppteken av musikk. Han har spela i korps, har vore med i kulturskulen og kom til landsmønstringa ved Ungdommens kulturmønstring i 2006. Han gjekk musikklinja på vidaregåande skule og er framleis ein habil songar og hobbygitarist. Han har òg drive med både handball og fotball i Ørsta Idrottslag. I seinare år har han utdanna seg til sportsdykkar og har teke sertifikat som profesjonell dykkarleiar.

Av utdanning har han årsstudium i psykologi og samfunnsvitskap bak seg, og han har ein bachelorgrad i planlegging og administrasjon frå Høgskulen i Volda.

Yrkesmessig har Holen Bjørdal bakgrunn som lærarvikar, som miljøarbeidar innanfor bu- og habiliteringstenesta, som miljøterapeut ved Sunnmørsheimen akuttinstitusjon og som tilsynsførar i barneverntenesta i Ørsta.

Kjelder

Notat frå Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=FHB [lesedato 20.10.2013]

Først publisert: 19.03.2014
Sist oppdatert: 10.10.2017