Hopp til innhold
Geir Jørgen Bekkevold. Foto: Stortinget.
Geir Jørgen Bekkevold. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Geir Jørgen Bekkevold

Geir Jørgen Bekkevold er prest, men har vore stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Telemark sidan 2009.

Geir Jørgen Bekkevold er fødd 19. november 1963 i Horten i Vestfold. Han tok vidaregåande skule ved Horten gymnas i 1982, studerte teologi ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1983–91 og tok praktisk-teologisk seminar på Blindern i 1990–91.

Bekkevold arbeidde i feltprestkorpset under førstegongstenesta si 1991–92, var tilsett som kapellan i Gjerpen menighet i Skien i 1992–2005 og var sokneprest i Borgestad menighet i Skien i 2005–13. I 2009 blei han vald inn som stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Telemark og attvald for perioden 2013–17.

Han var kommunestyrerepresentant for KrF i bystyret i Skien i 1999–2007, medlem av formannskapet i 2007–09 og medlem av Telemark fylkesting i 2003–07. Bekkevold var òg leiar av Skien KrF i 2007–08 og leiar av Telemark KrF i 2008–10.

Bekkevold var medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen i den første stortingsperioden sin, og han blei i tillegg utpeikt som KrF sin representant i kontroll- og konstitusjonskomiteen i 2011–13. Han leidde òg Stortinget sin kontroll av regjeringa si oppfølging av 22. julikommisjonen. I perioden 2013–17 er han første nestleiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Politisk er han særleg oppteken av rettane til flyktningar og asylsøkjarar og situasjonen deira.

Bekkevold har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Han var medlem av styret i Skien KFUK/KFUM i 1993–95, medlem av styret for Teater Ibsen i 2004–08, styremedlem i Kontorbygg AS i Skien i 2007–09 og styremedlem i Telemark fylkesbibliotek i 2007–11. I 2015 blei han ny styreleiar i KIA (Kristent Interkulturelt Arbeid). Bekkevold fekk Annette A. Thommessens minnepris i 2014.

Kjelder

Geir Jørgen Bekkevold, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=GJB [lesedato 24.2.2016]

Peikarar

Eva Therese Grøttum: «Foreslår regelendring etter asylbarndom», vg.no

NTB: «Ber ikke om mistillit mot regjeringen etter 22. juli», vg.no

Siv Sandvik og Paal Wergeland: «KrF-politiker får Stortingets viktigste kontrolljobb», nrk.no

«Geir Jørgen Bekkevold er ny styreleder i KIA», kianorge.no

«Annette A. Thommessens minnefond. Om minnefondet og minneprisen», noas.no

Først publisert: 09.02.2017
Sist oppdatert: 09.02.2017