Faktaboks

Hallgrim Berg
Fødd
28. januar 1945, Ål, Viken
Hallgrim Berg
Hallgrim Berg.
Av /Samlaget.

Hallgrim Berg er ein norsk politikar frå Høgre, folkemusikar og forfattar.

Bakgrunn

Hallgrim Berg er fødd i Ål i Hallingdal. Han blei cand.philol. med historie hovudfag frå Universitetet i Oslo i 1972. Etter å ha vore lektor på Geilo og Gol var han sjølvstendig næringsdrivande på Geilo frå 1974 til 1986. Frå 1977 til 2001 representerte han Høgre frå Buskerud på Stortinget, først som vararepresentant og seinare som stortingsrepresentant.

Frå 1998 til 2002 var han dagleg leiar for reiselivsselskapet Fjell og Fjord Ferie på Gol, og seinare har han vore det han sjølv omtaler som «kulturist».

Politisk karriere

Hallgrim Berg
Av /Stortingsarkivet.

Berg var medlem av Ål kommunestyre i 1975–1987 og i 1999–2003, i den siste perioden var han òg medlem av formannskapet. Han var medlem av Buskerud fylkesting i 1999–2007.

Han var vararepresentant til Stortinget for Høgre frå Buskerud frå 1977 til 1985, møtte fast frå 1982 til 1985, var stortingsrepresentant i perioden 1987–1997 og vararepresentant i 1997–2001. Som stortingspolitikar var han mellom anna delegat til Europarådets parlamentarikarforsamling og leiar for Den europeiske demokratiske gruppa i 1992–1997. Han var leiar av Foreininga av tidlegare stortingsrepresentantar 2012–2019.

Organisasjonsarbeid

Berg har hatt ei rekkje offentlege verv, mellom anna var han medlem av Norsk Språkråd i 1972–1978 og 1980–1985, Kringkastingsrådet i 2002–2009 og Norsk kulturråd i 2005–2008. 2008–2012 var han president i Nordmanns-Forbundet/Norwegians Worldwide.

Berg har vore aktiv målmann gjennom mange år, med fleire verv i målrørsla. Han var styremedlem i Noregs Mållag 1968–1972 og leiar av Løvebakken Mållag 1987–1997. Han var redaktør av boka Me og uss, de og dikko – dialekt i Ål og Torpo som Ål og Torpo Mållag gav ut i 2005.

Folkemusikk

Han har vore ein ivrig talsmann for folkemusikk, og har gitt ut og medverka i fleire CD-produksjonar. Han var sekretær i Landslaget for Spelemenn 1968–1972. I 1976 var han med og starta Folkemusikkdagane i Ål (Folkemusikkveka), der han sat 30 år i programkomiteen.

Skribent

Gjennom mange år har Berg vore fast skribent og spaltist i fleire aviser og teke del i den offentlege debatten med kronikkar og innlegg om aktuelle samfunnsspørsmål. Han var musikkritikar i Aftenposten i 1986–1992.

I dei seinare åra har Berg skrive fleire bøker. I trilogien Når sevja stig (2004), Når lauvet sprett (2006) og Når flaumen går (2010) har han samla norsk humor frå ulike miljø. Parlamenturismen. Norske folkevalde på utflukt (2016) er ei humorbok om stortingsrepresentantar på reisefot, formidla i munnleg forteljarstil. Han har òg skrive biografien Olav Thon. Milliardær i anorakk (2008) og boka Rakfisk i godt lag (2009).

I 2007 kom debattboka Amerikabrevet. Europa i fare (omsett til engelsk og publisert i USA), der Berg er kritisk til framveksten av islamismen i Europa. I oppfølgjaren Demokrati eller islamisme. Europa under islam (2013) held han fram med å åtvare mot den store muslimske innvandringa, som han hevdar vil føre til økonomiske, politiske og kulturelle problem.

Heider

Han er æresmedlem i Buskerud Mållag. Etter å ha leia Tubfrim i 20 år, 1989–2009, blei han utnemnd til æresmedlem i Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg