Hopp til innhold
X
Innhald

Helen Bjørnøy

Helen Oddveig Bjørnøy, prest, tidlegare miljøvernminister og generalsekretær i Kyrkjas Bymisjon og Plan Noreg. Ho blei utnemnd til fylkesmann i Buskerud i 2013.

Helen Bjørnøy er fødd 18. februar 1954 i Kongsberg og voks opp i Ålesund. Ho tok reallinja ved Ålesund gymnas i 1970–73 og var ferdig utdanna cand.theol. med praktikum frå Menighetsfakultetet i Oslo i 1981.

Bjørnøy arbeidde som ungdomsprest og krinssekretær i Norges KFUK/KFUM i Troms i 1982–85, var kapellan i Tromsø domkyrkje i 1985–86 og kallskapellan i Drammen i 1987–91. Ho var tilsett som høgskulelektor og seinare førstelektor ved Lovisenberg diakonale høgskole i 1991–99. Mellom 1999 og 2005 var ho generalsekretær i Kyrkjas Bymisjon, så var ho miljøvernminister i Stoltenberg I-regjeringa i 2005–07, før ho blei generalsekretær i Plan Noreg i 2008–2013. Frå 2013 er ho fylkesmann i Buskerud, med sete i Drammen, eit åremål på seks år.

Ho var varamedlem for Sosialistisk Venstreparti i Balsfjord kommunestyre i 1987–91 og i Drammen kommunestyre i 1995–99 og 2003–07. Ho var leiar og nestleiar i Buskerud SV i 1993–97 og medlem av landsstyret i partiet i 1996–98, før ho var statsråd i 2005–07. Som statsråd fekk ho ein del kritikk for miljøpolitikken til regjeringa og gjekk av etter at SV gjorde eit svært dårleg val i 2007.

Bjørnøy har gitt ut fleire bøker, mellom anna konfirmasjonsboka Ærlig talt (1994) og læreboka Sosialfag, service og etikk (1995) saman med Sindre Eide og Bjørn Thorbjørnsen.

Ho har hatt mange verv, mellom anna i den norske kyrkja og Norges KFUK/KFUM, var medlem i styret for Pressas faglege utval i 1991–2001, nestleiar i Nei til EU i 1993–94 og medlem i styret for Senter mot etnisk diskriminering i 1994–2004. Helen Bjørnøy fekk prisen «Kunsten å lede» i 2004 og «Rettferdighetsprisen» 2005.

Kjelder

Helen Bjørnøy, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HBJ [lesedato 7.9.2016]

Olav Sindre Rise: «Helen Bjørnøy blir ny fylkesmann i Buskerud», smp.no, publisert 21.6.2013: http://www.smp.no/nyheter/article7792161.ece [lesedato 7.9.2016]

Peikarar

Frida Holsten Gullestad: «Overprøver kommunene», klassekampen.no

«'Drammenseren' vender hjem», dagsavisenfremtiden.no

«Helen Bjørnøy fekk prisen 'Kunsten å lede'», bymisjon.no

«Tapernes pris til Helen Bjørnøy», blikk.no

Først publisert: 09.02.2017
Sist oppdatert: 09.02.2017