Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Jens Bratlie

Jens Bratlie, general og politikar. Han vart statsminister i 1912 då Wollert Konow måtte gå av som regjeringssjef etter å ha talt varmt om målsaka i talen sin i Bondeungdomslaget i Oslo.

Jens Kristian Meinich Bratlie var fødd 17. januar 1856 i Nordre Land og døydde 15. september 1939. Faren var jurist og gardbrukar, men sonen valde å utdanne seg gjennom forsvaret. Han vart kadett i 1873 og offiser i 1877. Tre år seinare var han ferdig med Den Militære Høiskole, og det ga han rett til å studere ved Universitet, og i 1885 tok han juridisk embetseksamen.
Bratlie vart ekspedisjonssjef i Forsvarsdepartementet, i 1893 vart han kaptein og i 1898 vart han utnemnd til generalkrigskommissær og fekk dermed ansvaret for rekrutteringa av vernepliktige til forsvaret. Han oppnådde også rang av general i forsvaret i 1911. I 1906 vart han i tillegg til generalkrigskommissær utnemnd til generaladvokat. Jens Bratlie var ugift og er den einaste norske statsministeren som ikkje har vore gift.
Konservativ og anti-sosialist
 «Han er den civileste general og den militæreste statsminister vort land har hat». Dette var karakteristikken av Jens Bratlie frå ein av hans portrettørar, venstre-historikaren Wilhelm Keilhau. Keilhau seier også om Bratlie: «Hans politiske gjerning i vort folk karakteriseres bedre ved å fortælle hvad han har kjæmpet mod, end ved å fortælle hvad han har kjæmpet for, ved å skildre det han ikke har været med på, end det han har været med på». Keilhau overdriv nok, men har samstundes fått fram det som var Bratlies politiske grunnlag: Kampen mot ei utvikling han såg kome og som han ikkje likte. I den kampen var han avhengig av parlamentarisk styrke. Difor vart også samling og samarbeid på borgarleg side viktig for han. Ein annan portrettør, Rannik Halle, skriv om han at «han var besatt av en nesten selvfornektende samlingspsykose i 1905 som under Konow-ministeriet og senere under Verdenskrigen».  Han var sterkt konservativ og sterk anti-sosialist og hamna då også i Fædrelandslaget i 1920-åra.
Inn i politikken
I politikken kom han då han i 1900 vart vald til stortingsrepresentant frå Kristiania og slo ut Benjamin Vogt. Morgenbladet, der sonen Nils Vogt var redaktør, og mange høgrefolk i hovudstaden kunne aldri tilgi han dette. Morgenbladet var Bratlies motstandar i heile hans tid som politikar.
På Den Militære Høiskole gjekk Bratlie i same klasse som Georg Stang, den seinare Venstre-politikar og forsvarsminister. Dei to vart rivalar i politikken, og kjempa hardt om militærpolitiske spørsmål fram til 1903 då Stang gjekk av. Stang var nærast folkehelt fordi han sto i spissen for bygging av grensefestningar og opprustinga mot Sverige, mens Bratlie vart tilsvarande upopulær fordi han gjekk til åtak på folkehelten. 
I valperiodane mellom 1900 og 1909 var Bratlie leiar i militærkomiteen og Stortingets fremste ekspert på militærspørsmål. Utover dette fagfeltet engasjerte han seg lite. Bratlie kom også på kant med Fredrik Stang, formannen i Høgre fram til 1911. Stang sto for ei vesentleg meir moderat konservativ line enn det Bratlie gjorde, og Stang hadde sin basis i næringslivs- og by-Høgre, mens Bratlie hadde støtte frå Vestlands-Høgre og frå bonde-Høgre. Då Wollert Konow ville ha Stang med i regjeringa si, så sa stortingsgruppa, der Bratlie var sjef, nei til dette, sjølv om Stang hadde lyst til å delta. Stang kom likevel med som justisminister i Bratlie si regjering, og omtrent det einaste denne regjeringa rakk å fullføre i si korte funksjonstid, kom frå Justisdepartementet. Fredrik Stang utarbeidde mellom anna arbeidstvistlova som kom til å få svært mykje å seie i den konfliktfylte tida som arbeidslivet gjekk inn i. Stang, som var soneson til den store Frederik Stang og son til Emil Stang, trekte seg som formann for Høgre i 1911, og forsvann etter kvart ut av politikken og inn i jussen. Bratlie tok over som formann i Høgre og sat som det til 1919.
Statsministerskifte etter Wollert Konow sin tale for målsaka
Personleg var Jens Bratlie motstandar av at Wollert Konow skulle gå av som statsminister på grunn av at han hadde kome med ei kjærleiksfråsegn til nynorsken i talen sin i Bondeungdomslaget i Oslo, men fleirtalet i stortingsgruppa kravde avgang. Då Bratlie vart statsminister den 20. februar 1912, utnemnde han nynorskmannen, postmeister Edvard Liljedahl, til ny kyrkjeminister. Det var takk for sist til Høgre-gruppa.
Høgre-gruppa i Stortinget hadde vona at dei fleste statsrådane frå Frisinna Venstre ville bli sitjande i regjeringa sjølv om Konow måtte gå, men slik gjekk det ikkje. Tre av dei frisinna statsrådane solidariserte seg med Konow, og Bratlie måtte difor bygge opp regjeringa på nytt. Ministeriet Bratlie viste vilje til å løyse kontroversielle saker som var splittande mellom Høgre og Frisinna Venstre, men oppnådde lite i Stortinget. Den korte funksjonstida er sjølvsagt hovudforklaringa på det. Etter at regjeringa gjekk av 31. januar 1913, etter Venstres knusande valsiger, fall Bratlie ut av Stortinget fram til neste val. Som statsminister kunne han ikkje stille til val i 1912. Han kom inn att i 1916 og sat til 1918. Då konsentrerte han seg om jobben sin som generalkommissær. Han døydde 15. september 1939.

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 08.03.2012
Sist oppdatert: 07.06.2013