Hopp til innhold
X
Innhald

Lan Marie Nguyen Berg

Lan Marie Nguyen Berg, klimavitar, politikar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) og byråd for miljø og samferdsel i Oslo, som er det viktigaste utøvande organet der ein representant for MDG nokon gong har vore leiar.

Lan Marie Nguyen Berg er fødd 4. mars 1987 i Oslo. Ho voks opp på Kolbotn, men er no busett i Oslo. Ho gjekk på Ski videregående skole i Akershus i 2003–06, har bachelorgrad i utviklingskunnskap frå Høgskolen i Oslo i 2009 og tok mastergrad i samfunnsvitskap ved Universitet i Oslo i 2013.

Ho arbeidde som journalist i den fleirkulturelle avisa Utrop i 2009, i Utlendingsdirektoratet i 2010 og som festivalkonsulent i Melafestivalen i 2010. I 2011 arbeidde ho med å dokumentere klimaendringar på stillehavsøya Tuvalu, og ho var tilsett ved CICERO Senter for klimaforsking i 2014–15.

Som politikar for Miljøpartiet Dei Grøne er hjartesakene hennar klimarettferd internajonalt og lokalt arbeid med miljø. Ho vil ha ein klimavennleg hovudstad, med eit bilfritt sentrum, og ho vil stanse utbygginga av E18 gjennom Oslo. Nguyen Berg er vald inn i Oslo bystyre som representant for Miljøpartiet Dei Grøne for perioden 2015–19.

Nguyen Berg skriv for bloggkollektivet Grønne jenter om miljø- og klimatiltak i kvardagen, og ho har vore aktiv i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire.

Kjelder

«Lan Marie Nguyen Berg», mdg.no: http://oslo.mdg.no/kandidat/lan-marie-nguyen-berg/ [lesedato 20.10.2015]

«Dagens klimaprofil Lan Marie Nguyen Berg», norskklimanettverk.no: http://www.norskklimanettverk.no/klimaprofil-lan-marie-nguyen-berg/ [lesedato 20.10.2015]

Peikarar

Ingrid Vestre Haram ofl.: «Slik skal de rødgrønne styre Oslo», nrk.no

Eirik Mosveen og Nilas Johnsen: «MDG-Lan truer med å forlate Ap-Raymond hvis E18 bygges ut», vg.no

Isabelle Ringnes «Melafestivalen blir minnekonsert ...», vg.no

Bloggen til Grønne jenter

Først publisert: 07.01.2016
Sist oppdatert: 16.06.2017