Hopp til innhold
Foto: Regjeringa/ Torbjørn Tandberg
Foto: Regjeringa/ Torbjørn Tandberg
X
Innhald

Lars Peder Brekk

Lars Peder Brekk, sosialøkonom, tidlegare stortingsrepresentant for Senterpartiet og fiskeriminister (2000) og landbruks- og matminister (2008—12). Frå 2014 er han leiar av Brønnøysundregistra.  

Lars Peder Brekk er fødd 8. oktober 1955 i Vikna i Nord-Trøndelag. Han tok examen artium ved Ytre Namdal videregående skole i 1975 og blei cand.oecon. ved Universitetet i Oslo i 1982, med ei hovudfagsoppgåve om fiskeriflåten. I 1982–85 arbeidde han i Noregs Fiskarlag, var personleg sekretær i Fiskeridepartementet i 1985, adm.dir. i Global Aqua A/S i 1986–87 og økonomisjef i Hansvik Boat i 1987–88. Brekk var tilsett som banksjef i Sparebank 1, avdeling Vikna, i 1988–97, i 1997–99 var han økonomisjef ved Nils Williksen i Vikna, og frå 1999 til 2005 var han dagleg leiar for Innovasjon Rørvik A/S. Han var ordførar i Vikna i 1992–97, har vore stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Nord-Trøndelag frå 2005 til 2013 og var statsråd i landbruks- og matdepartementet frå 2008 til 2012. I 2013 blei han utnemnt til leiar av Brønnøysundregistra, og tok til i jobben i januar 2014.
 
Brekk var leiar i Senterstudentene i Oslo i 1978–81, medlem av fylkestinget i Nord-Trøndelag for Senterpartiet i 1992–95, ordførar i Vikna i 1992–97 og varaordførar i 1997–99. Han var første nestleiar i Senterpartiet i 1993–97 og i 2003–11.
Han var vararepresentant til Stortinget i 1989–97 og 2001–05 og blei fast stortingsrepresentant i 2005. Først var han leiar av næringskomiteen (2005–07), så medlem i utanriks- og forsvarskomiteen. Han var parlamentarisk leiar i Senterpartiet i 2007–08 og 2012–13. Ein kort periode i 2000 var han fiskeriminister i Bondevik I-regjeringa. Han var landbruks- og matminister i Stoltenberg II-regjeringa frå 2008 til 2012, då han gjekk av etter brot med bondeorganisasjonane i jordbruksforhandlingane. Brekk har vist stort engasjement når dei gjeld dei politiske hovudsakene sine, mellom anna fiskeoppdrett, klima, global mattryggleik og auke av matproduksjonen i landet.
Brekk har hatt ei lang rekkje administrative verv og tillitsverv, mellom anna som medlem av styret i Rørvik Idrettslag i 1987–90, leiar av styra for Innovasjon Rørvik A/S i 1999–2004, Nordøyan as i 2002–04 og Biomant Forum i 2003–05.
Kjelder
Lars Peder Brekk, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=LAPB [lesedato 12.3.2013]
Peikarar

Først publisert: 20.08.2013
Sist oppdatert: 02.02.2015