Hopp til innhold
Frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale med NRK.
Frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale med NRK.
X
Innhald

Leiv Blakset

Leiv Blakset, gardbrukar, lærar og Senterpartiet-politikar frå Nordfjord.

Blakset var fødd 28. desember 1928 i Herøy og døydde 22. mai 2005. Han voks opp på Nordfjordeid, men i 1946 flytte familien til Blakset i Stryn, der faren kom frå, og her vart Leiv gardbrukar. Han tok agronomeksamen i 1949. Han utdanna seg til lærar på Elverum offentlige lærerskole i 1966 og arbeidde seinare ved ulike skular i Stryn, frå 1977–1995 som rektor ved Blakset skule. I 1977 vart han ordførar i Stryn kommune, etter å ha vore varaordførar dei fire føregåande åra, og vararepresentant til Stortinget for Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Han var medlem av fylkestinget 1979–1985 Frå 1985 til 1993 hadde han fast plass på Stortinget.
 
Blakset var medlem av både forsvarskomiteen, forbrukar- og administrasjonskomiteen og kyrkje- og undervisningskomiteen. Han var også ei tid medlem av den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen, og i 1987 var han norsk utsending til generalforsamlinga i FN i New York. Han hadde ei rekkje andre offentlege verv og var særleg engasjert innanfor arbeid for fjordhesten, idrett og lokalhistorie.

 

Kjelder
Knut M. Olsen: «Minneord om Leiv Blakset», senterpartiet.no, publisert 23.05.2005, http://www.senterpartiet.no/article23906.html  [lesedato 12.08.2009]

Først publisert: 12.08.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018