Hopp til innhold
X
Innhald

Lisbeth Berg-Hansen

Lisbeth Berg-Hansen, stortingsrepresentant og tidlegare fiskeri- og kystminister. Ho var statssekretær ved Statsministerens kontor i den første Stoltenberg-regjeringa og har vore visepresident i Næringslivets Hovedorganisasjon.

Lisbeth Berg-Hansen er fødd i Bindal i Nordland 14. mars 1963. Ho har i 16 år, frå 1988 til 2007, vore med i Bindal kommunestyre for Arbeidarpartiet, åtte år som varaordførar. Ho har òg vore styremedlem i Nordland Arbeidarparti og har vore vararepresentant til Stortinget for Nordland. Frå 2013 er ho fast møtande i Stortinget. Ho var statssekretær på Statsministerens kontor 2000–01 og Fiskeri- og kystminister 2009–13.
Yrkesmessig er Berg-Hansen knytt til oppdrettsnæringa gjennom familieselskapet Bindalssmolt og Bindalslaks AS, som faren starta. I 1998 vart oppdrettsfamiliane Berg-Hansen og Sinkaberg samde om å slå selskapa sine saman, og det nye store selskapet fekk namnet SinkabergHansen AS og driv med både oppdrett og foredling. I dette selskapet var Lisbeth Berg-Hansen aktiv heilt til ho vart statsråd.
I 1992–96 var ho politisk rådgivar i Fiskeridepartementet. Ho har òg vore styreleiar i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining, styremedlem og nestleiar i Fiskeriforskning i Tromsø (no: Nofima), og ho har frå 2002 til 2008 vore medlem både i arbeidsutvalet og i hovudstyret i NHO, og i fire år var ho visepresident i NHO. Ho har òg vore styremedlem i Aker Seafoods ASA og har vore med i ei rekkje andre styre og utval.
Kjelder
Lisbeth Berg-Hansen, biografi, regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/fkd/dep/lisbeth-berg-hansen.html?id=582211 [lesedato 9.4.2013]

Først publisert: 10.04.2013
Sist oppdatert: 16.10.2013