Hopp til innhold
Nils T. Bjørke. Foto: Stortinget.
Nils T. Bjørke. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Nils T. Bjørke

Nils T. Bjørke, bonde, tidlegare leiar i Noregs Bondelag og stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Hordaland.

Nils T. Bjørke er fødd 9. mars 1959 på Voss i Hordaland, der han voks opp og også er busett. Han er utdanna agronom frå Voss jordbruksskule.

 

Frå 1975 til 1990 arbeidde Bjørke som avløysar og hovslagar. Han har vore bonde sidan 1990 og driv gard på Voss med oppdrett av travhestar, mjølkeproduksjon og sauer. I perioden 2017–21 er han stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Hordaland.

 

Han er vald til medlem av kommunestyret for Senterpartiet på Voss for perioden 2015–19 og medlem av fylkestinget i Hordaland i same perioden. Bjørke har permisjon frå dei lokale verva medan han er stortingsrepresentant. På Stortinget er Bjørke medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen, og han er også fjerde visepresident.

 

Som politikar er Bjørke spesielt oppteken av landbrukspolitikk. Han har mykje organisasjonserfaring, mellom anna frå Noregs Bondelag. Bjørke var leiar av Voss Bondelag i 1990–93, leiar av Hordaland Bondelag i 2000–06, medlem, så nestleiar, i 2006–08, og deretter leiar av Noregs Bondelag i 2009–14.

 

Bjørke var kontaktutvalsleiar i Nortura (2006–08) og styremedlem i Innovasjon Noreg Hordaland (2000–09). Han har òg vore tillitsvald i Noregs Bygdeungdomslag på Voss, i Hordaland og nasjonalt. Bjørke er nynorskbrukar og blir referert på nynorsk i Stortinget.

 

Kjelder

Nils. T. Bjørke, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=NITB&tab=Biography#secondaryfilter [lesedato 15.3.2018]

Nils T. Bjørke på senterpartiet.no: https://www.senterpartiet.no/folk-i-sp/stortingsrepresentanter/nils-bjorke [lesedato 15.3.2018]

CV-en til Nils T. Bjørke, bondelaget.no: https://www.bondelaget.no/getfile.php/13186842/Bilder%20NB/Om%20Norges%20Bondelag/Tillitsvalgte/%C3%85rsm%C3%B8te%20og%20Representantskap/Endelig%20-%20CV%20vedlegg%20til%20innstilling.pdf [lesedato 15.3.2018]

 

Peikarar

Even Norheim Johansen ofl.: «Mjølkebonden var tilbake på garden – så kom sjokkbeskjeden», publisert 12.9.2017, nrk.no 

«Ny leder i Bondelaget», siste.no 

Først publisert: 17.04.2018
Sist oppdatert: 17.04.2018