Hopp til innhold
Paal Berg, ca. 1935. Foto: Thorleif Wardenær, kjelde: oslobilder.no (biletnr. OB.Z07063) CC BY-SA 3.0 NO.
Paal Berg, ca. 1935. Foto: Thorleif Wardenær, kjelde: oslobilder.no (biletnr. OB.Z07063) CC BY-SA 3.0 NO.
X
Innhald

Paal Berg

Paal Olav Berg, jurist og politikar for Venstre, var sentral i den norske motstandskampen under andre verdskrigen og var den offisielle leiaren for Heimefronten.

Paal Berg var fødd i Hammerfest 18. januar 1873 og døydde i Bærum 24. mai 1968. Han studerte jus ved Universitetet i Kristiania (Oslo) og blei cand.jur. i 1895. Etter studiar i Berlin og London blei han i 1907 tilsett som dommar i Kristiania byrett. Han var dommar i Høgsterett frå 1913 og justitiarius frå 1929 til 1946. I 1946–48 var han riksmeklingsmann.

Berg var ein av dei sentrale ideologane i Venstre. Han medverka til å byggje opp staten si regulering av arbeids- og næringslivet og var frå 1916 den første formannen i Arbeidsretten. Han var sosialminister i Gunnar Knudsens regjering i 1919–20 og justisminister i J.L. Mowinckels regjering i 1924–26.

Med verket Arbeidsrett (1930) la han grunnlaget for den rettslege reguleringa av tilhøvet mellom arbeid og kapital. Lenge var dette standardverket på området. Han var leiar for «Arbeidsfredskomiteen», som forma ut Hovudavtalen i 1935, omtalt som «grunnlova for arbeidslivet».

Som høgsterettsjustitiarius spela Berg ei viktig rolle etter det tyske åtaket på Noreg i 1940. Han var sentral i skipinga av Administrasjonsrådet 15. april og i forhandlingane om eit riksråd på forsommaren. På eit tidspunkt ville han imøtekome det tyske kravet og be kongen om å abdisere, men gjekk attende på det og trekte seg frå dei vidare forhandlingane. Bergs forhandlingsvilje med tyskarane har seinare vore kritisert, men verken undersøkingskommisjonen i 1945 eller Stortinget fann noko å laste han for etter krigen.

Paal Berg, leiar for Heimefronten, held tale 7. juni 1945 i samband med at kong Haakon, kronprinsesse Märtha og resten av kongefamilien kjem heim frå London denne dagen. Kong Haakon og kronprinsesse Märtha er med på biletet. Kronprins Olav kom til Noreg om lag ein månad før, den 13. mai. Folk har møtt opp for å feire freden og heimkomsten. heimkomsten av kongefamilien. Foto: ukjent, kjelde: oslobilder.no (biletnr. OB.F12570o) CC BY-SA 3.0 NO.

Paal Berg, leiar for Heimefronten, held tale 7. juni 1945 i samband med at kong Haakon, kronprinsesse Märtha og resten av kongefamilien kjem heim frå London denne dagen. Kong Haakon og kronprinsesse Märtha er med på biletet. Kronprins Olav kom til Noreg om lag ein månad før, den 13. mai. Folk har møtt opp for å feire freden og heimkomsten av kongefamilien. Foto: ukjent, kjelde: oslobilder.no (biletnr. OB.F12570o) CC BY-SA 3.0 NO.

Okkupasjonsmakta freista å føre Høgsterett inn under regimet sin kontroll. I desember 1940 la Høgsterett, med Berg i brodden, ned embeta sine i protest mot krenkingane av klare rettsstatlege prinsipp. Han gjekk aktivt inn i den sivile motstandskampen og blei ved årsskiftet 1944/45 leiar for Heimefronten. Då Nygaardsvold-regjeringa søkte avskil i juni 1945, fekk han oppdraget med å skipe ny regjering, men etter nokre dagar måtte han gi opp, fordi han ikkje hadde tilstrekkeleg politisk støtte.

Berg sympatiserte med målrørsla. Han arbeidde aktivt for Den Norske Teatret, der han var viseformann i styret i 1912–14 og medlem i finansieringskomiteen for ei eiga teaterbygning. Han var styremedlem i Det Norske Samlaget frå 1929 til 1948.

Berg var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1934 og fekk tildelt storkorset av St. Olavs Orden i 1946 og Borgardådsmedaljen i gull i 1952.

Kjelder

Ole Kristian Grimnes: Hjemmefrontens ledelse. Oslo 1977

Per Eivind Hem: Megleren Paal Berg. 1873–1968. Oslo 2012

Peter Lødrup: «Paal Berg», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999

Rune Slagstad: De nasjonale strateger. Oslo 1998

Rune Slagstad: «Paal Berg som nasjonal strateg». Lov og Rett nr. 10, 2012

Harald Gram og Bjørn Steenstrup (utg.): Hvem er Hvem? Oslo 1948

Peikarar

Paal Berg: «Vi har seiret». Tale i NRK radio 9. mai 1945, virksommeord.uib

Først publisert: 01.11.2016
Sist oppdatert: 01.11.2016