Hopp til innhold
X
Innhald

Sandra Borch

Sandra Konstance Nygård Borch, politikar og tidlegare leiar i Senterungdommen, ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet, 2011–13.

Sandra Borch er fødd 23. april 1988 i Lavangen i Troms. Ho gjekk på Sjøvegan videregående skole i 2004–07 og tok mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø i 2012.
Borch var leiar av Troms Senterungdom i 2007–09, medlem av sentralstyret i Senterungdommen frå 2009, først som internasjonal leiar i 2009–10, deretter som nestleiar i 2010–11 og så som leiar frå 2011. Ho har vore kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Lavangen frå 2007 og er medlem av fylkestinget i Troms i perioden 2011–15.
Ho er ein til dels kontroversiell, frittalande og markant politikar, og ho har fått kritikk i media både på grunn av politiske utspel som går på tvers av partilinja både i Senterpartiet og Senterungdommen, men òg på grunn av at ho er kortvaksen. Borch arbeider mellom anna for å få Noreg ut av Schengen-samarbeidet, vil ha folkeavrøysting om EØS-avtalen og strengare grensekontroll. Ho er for ei konsekvensutgreiing av oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen, men dette standpunktet blei nedstemt på landsmøtet til Senterungdommen i 2012.
Borch varsla etter valet i september at ho likevel ikkje ville ta attval som leiar for Senterungdommen. Årsaka var at ho meinte ho ikkje fekk gjennomlag politisk i partiet og at Senterpartiet ikkje var opne for nye tankar.
Kjelder
Intervju med Sandra Borch i handikapnytt.no: http://www.handikapnytt.no/index.asp?id=78317 [lesedato 15.6.2013]
www.nrk.no "Sp må snakke bredere enn bare distrikt og bønder" http://www.nrk.no/nordnytt/borch-trekker-seg-som-sp-topp-1.11247209 [lesedato 18.9.2013]
Peikarar
«Dette mener ungdomspartiene», ung.no


Sist oppdatert: 07.08.2015