Hopp til innhold

Teodor Bruu

Teodor Nordenstrøm Bruu, filosofistudent og ein av to talspersonar for Grøn Ungdom frå 2018.

Teodor Nordenstrøm Bruu er fødd 19. mars 1994 i Oslo, der han òg voks opp. Han var elev ved Foss videregående skole i 2010–13 og tok global miljøforvaltning ved Kulturstudier hausten 2016. Han begynte på ein mastergrad i filosofi ved Universitetet i Oslo i 2017, men har teke pause frå studia i samband med leiarvervet i Grøn Ungdom.

Bruu var internasjonal kontakt i Grøn Ungdom, medlem og deretter nestleiar i sentralstyret til Grøn Ungdom. I 2018 blei han vald til ein av to talspersonar for ungdomspartiet. Han utgjer leiarduoen i Grøn Ungdom saman med Hulda Holtvedt.

I samband med fylkestings- og kommunevalet hausten 2019 er Teodor Bruu nominert på førsteplass på bydelslista til MDG Gamle Oslo.

Bruu er oppteken av klimasaka og at grøn tenking må gjennomsyre all politikk, og han meiner at Noreg må avvikle oljeproduksjonen og ikkje opne nye felt, slik at vi kan få økologisk balanse. Han vil vurdere borgarløn, for han meiner at det er å ta rettane til arbeidarane på alvor. Å arbeide for å sikre dyrevelferda er òg ei viktig politisk sak for Bruu.

 

Kjelder

Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal: «Grøn ungdom sin nye talsperson skal halde moderpartiet i øyra», framtida.no, publisert 27.11.2018: https://framtida.no/2018/11/27-gron-ungdom-sin-nye-talsperson-skal-halde-moderpartiet-i-oyra [lesedato 19.3.2019]

MDG: «Gamle Oslos nye valgliste: – Motiverende at miljøtenkning brer om seg», gamleoslo.mdg.no, publisert 14.2.2019: https://gamleoslo.mdg.no/nyhet/talsperson-for-gronn-ungdom-innstilt-pa-topp-pa-gamle-oslos-nye-valgliste/ [lesedato 19.3.2019]

 

Peikarar

Teodor Nordenstrøm Bruu: «Den nye arbeiderbevegelsen», agendamagasin.no

Anette B. Søreide: «Teodor reiste til Ghana for å lære om miljøforvaltning», studenttorget.no

Først publisert: 28.06.2019
Sist oppdatert: 28.06.2019