Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Trygve Bratteli

Trygve Bratteli, politikar.  Statsminister og formann i Arbeidarpartiet. Ein undervurdert politikar i norsk historie.

Trygve Bratteli vart fødd 11.januar 1920 på Nøtterøy, Vestfolk. Han døydde 20.november 1984. 
 
Trygve Brattelis posisjon i norsk politisk historie er utan tvil  undervurdert. Bratteli sleit med den lagnad som blir dei fleste kronprinsar til del. Dei nyttar det meste av si manndoms kraft for å gjere kongens ettermæle størst mogeleg, og får først makta seint i livet, ofte når dei er på hell. Trygve Bratteli var nestformann i Arbeidarpartiet under Gerhardsen frå 1945 til 1965, i 20 år. Då han vart partiformann var han 55 år og då han første gong vart statsminister og tok fatt på kanskje den tyngste jobben av dei alle, var han 61 år.
Tru mot partiet
Utan EF-saka og samanbrotet i regjeringa Borten i 1971 kunne det lett ha blitt for seint for Trygve Bratteli. Då han tok over regjeringsansvaret etter det som Per Borten kalla «ei sprikande staurbør», var han så visst ingen falma statsmann, men den største politiske innsatsen, og ryet sitt som ein av dei store politikarane i etterkrigstida, det skapte Trygve Bratteli i tida før han vart statsminister.
Nettopp fordi han i så stor grad hadde lært seg til å leve på kommando, ta dei verv og det ansvar som han vart pålagt av partiet, så vart det til slutt Brattelis eiga politiske tyngde, kompetansen hans, røynslene hans, som gjorde at ikkje var til å kome forbi når Einar Gerhardsen endeleg skulle gi seg. Det var fleire i leiinga i partiet som prøvde å hindre Bratteli i å bli ny partileiar etter Gerhardsen. Partiformannen sjølv var ein av dei.
Det vart gjort forsøk på å få plassert Bratteli som redaktør i Arbeiderbladet etter svigerfaren, Olav Larssen, i 1963. Det skjedde mot Brattelis vilje, men av natur sa han ikkje nei om partiet ville det slik. Han slapp heldigvis det, og vart heilt naturleg vald til ny partiformann i 1965.
Styring i opposisjon
Det året Bratteli tok over, tapte Arbeidarpartiet regjeringsmakta og han vart dermed den første partiformannen etter krigen som skulle styre partiet i opposisjon. Dei neste åra vart på mange måtar Trygve Brattelis beste tid som politikar.
For heile partiapparatet i Arbeidarpartiet vart overgangen frå 20 års fleirtalsstyre og 30 års regjeringsmakt nærast eit sjokk. Ein har vorte vand med det tilbodet på administrativ kapasitet som låg i regjeringsapparatet. Ein hadde hatt nesten uavgrensa kapasitet til å setje i gang utgreiingar. Nå var regjeringsapparatet borte, og fleire statsrådar kom tilbake til Stortinget. Der måtte dei skrive breva sine og ta telefonane sine sjølve, og ville dei ha noko utgreidd, måtte dei gjere det sjølve.
Eit nytt Arbeidarparti
Ein kunne vente at mykje gjekk i stå for Arbeidarpartiet den første tida etter at regjeringa Borten hadde teke over, men det skulle ikkje gå lenge før Trygve Bratteli markerte seg. Han vart ikkje berre partileiar i 1965, men tok også naturleg over som parlamentarisk leiar. Gerhardsen gjekk tilbake til ein heller anonym posisjon som vanleg medlem av Industrikomiteen.
Bratteli starta med å bygge opp ein heil organisasjon bak stortingsgruppa. Ein serie utval underlagt sentralstyret vart oppretta, og han trekte inn fagleg ekspertise frå partifeller  som ikkje lenger var medlemer i Stortinget.
Han fekk starta det såkalla «tenkeloftet» saman med LO, og Per Kleppe vart henta heim att frå EFTA i Genève for å leie dette arbeidet. Då han skulle organisere leiinga av stortingsgruppa, satsa han på yngre folk som ikkje tidlegare hadde fått prøvd seg.
Sjå video frå NRK Skole frå 16.7.1971, der Trygve Bratteli snakkar om EEC:
 
Trass i at Borten-regjeringa var ei fleirtalsregjering, hadde Bratteli tidleg den oppfatninga at koalisjonen kunne kome til å sprekke. Han instruerte difor gruppa om at Arbeidarpartiet skulle føre ein ansvarleg opposisjonspolitikk. Ikkje noko forslag skulle fremjast som partiet ikkje kunne stå for sjølv om det kom i regjeringsposisjon.
Ein million veljarar
I denne perioden som opposisjonsleiar fekk Trygve Bratteli spele på heile det politiske registeret sitt, og då valet kom i 1969 gjorde Arbeidarpartiet eit av sine beste val. For første gang hadde partiet over ein million veljarar, og auka mandattalet frå 68 til 74, men fordi SF fall ut av Stortinget, mangla det eit par mandat på at dei fire regjeringspartia skulle misse fleirtalet. Dette vart først klart ved fintelling ut på morgonkvisten.
Valoppgjeret vart karakterisert ved at folk la seg med Bratteli som statsminister  og sto opp att med Borten. Nokså raskt etter valet vart det meir og meir klart at firepartiregjeringa var i oppløysing på grunn av EF-saka.
I påska 1970 vart Trygve Bratteli sjuk. Mens han vart på fjellet fekk han blødande magesår og det var alvorleg. I seks månader var han sjuk, og ute av politikken, men oppløysinga av firepartiregjeringa heldt fram.
Statsminister
I slutten av februar 1971 sprakk det, og 17. mars, etter ein lang periode med forsøk på å rekonstruere firepartiregjeringa, tok Trygve Bratteli over som statsminister. Då var han 61 år gammal. På det tidspunktet var Bratteli fullt klart over at tidspunktet for å ta over regjeringsansvaret var omtrent det verst tenkjelege. Også i Arbeidarpartiet var det delte meiningar om EF-saka, og det å køyre gjennom denne saka kunne føre til indre strid og avskaling. Partiet hadde på meiningsmålingane vore over 50 prosent i oppslutning, men alt på vårparten var oppslutninga nede i 42-43 prosent. Det skulle bli endå lågare.
Trygve Bratteli hadde dei aller beste kvalifikasjonane til å bli statsminister. Som den første av dei fremste Ap-leiarane hadde ikkje Trygve Bratteli bakgrunn frå dei bitre splittingsåra tidleg på 1920-talet. Han bar ikkje på same frykta for fraksjonsverksemd, intrigar og maktkamp som mange av dei tidlegare leiarane. Av same grunn var han tilhengar av at sakene skulle avgjerast etter open debatt i partiet. Han deltok ikkje i, mislikte og var sjølv offer for avgjerder som vart tekne av få personar samla i bøttekott og stengde rom.
Alt på landsmøtet i AUF i 1937 heldt Bratteli eit oppgjer med «splittelsesmentaliteten, fraksjonsmentaliteten, det er den åndelige holdning at en ikke kan nærme seg noen sak uten å føle seg forpliktet til å være uenig med en eller annen».  Folkeskulen var den einaste formelle utdanninga han hadde hatt, og han brukte å seie at det var berre to stillinga han kunne søkje i eit departement, og det var anten i resepsjonen eller som statsråd. Han bar nok på ei viss mindreverdskjensle som følgje av si manglande formelle utdanning, men det hadde han ingen grunn til.
John Lyng skriv om Bratteli i ei av bøkene sine: «…når det gjelder ren og skjær intelligens og tankekraft, er det neppe noen av Arbeiderpartiets ledere i etterkrigstiden som har kunnet gjøre ham rangen stridig». Bratteli hadde svært høg samfunnsmoral, og det klaraste skiljet mellom han og Gerhardsen var vel at mens Gerhardsen sette styrken til partiet og rørsla framom nesten alt anna, han gjorde det til målet, så var Bratteli meir villig til å risikere det indre samhald i arbeidarrørsla når han kjempa for noko som han meinte var rett og som nasjonen hadde godt av.
Redaktør
Trygve Bratteli var fødd på Nøtterøy. Etter folkeskulen fekk han jobb som visergutt. Som 18 åring fekk han jobb som bygningsarbeidar. Det var lite arbeid å få og han gjekk i lange periodar arbeidslaus. Ei tid vurderte han å emigrere til Amerika. Han kom raskt med i fagrørsla, først lokalt, men seinare på sentralt hald, og Oscar Torp plukka han i 1934 ut som redaktør for partiavisa i Kirkenes. Han lærte mykje og mogna politisk under opphaldet i denne utposten mot aust i dei verste kriseåra. 
Etter opphaldet i Kirkenes vart han redaktør av AUF-avisa Arbeiderungdommen. På landsmøtet i 1936 var han blant tilhengarane av auka opprusting. Sommaren 1940 kjempa han mot dei både i partiet og fagrørsla som ville tilpasse seg den tyske okkupasjonen. I sentralstyret i partiet gjekk han mot å avsetje kongen, noko fleirtalet i stortingsgruppa hadde gått inn for.
I november 1940 reiste han til Kristiansund som taktekkjar. Der skreiv han rapporten om det som hende i partiet og i landet dei første månadene etter okkupasjonen. Denne rapporten bygde han inn i mønet på eitt av dei husa han var med på å reise i det bombeherja Kristiansund. Der fann han rapporten att etter krigen, og den skulle mange år seinare bli til boka «Våren som ikke kom», ein merkeleg dokumentasjon på klarsyn hos ein 30-åring.
Dødsleiren
I Kristiansund vart han arrestert av tyskarane og han hamna til slutt i «Natt og tåke»-leiren Natzweiler i Frankrike. Han overlevde så vidt det var. Då han vart berga ut og kom seg til Sverige, var kroppsvekta hans nede i 47 kilo.
Kristian Ottosen fortel at Bratteli på slutten var for dårleg til å vere oppe. Då sat han i senga og knekte lus med fingrane, mens han heldt timelange foredrag om dei oppgåvene som venta Europa etter krigen, og den måten Europa måtte organiserast på for å hindre ei slik katastrofe til.
Rett etter at han var komen heim att  sette han seg ned og skreiv av seg opplevingane i dødsleiren. Han gjorde det for å bli ferdig med dei tunge minna. På sine eldre dagar ga han ut desse notatane i boka «Fange i natt og tåke», ei fantastisk bok som vart ein bestseljar, den største nokon gong her i landet.
Røynd finansminister
Alt hausten 1945 vart Trygve Bratteli vald til nestformann i Arbeidarpartiet. Den første tunge jobben han vart sett til var som formann i den første norske forsvarskommisjonen i 1946. Kommisjonen fekk mandat til å greie ut korleis det norske forsvaret skulle organiserast og byggast opp. Her gjorde han ein så god jobb at han vart lagt merke til, og han vart innvald på Stortinget hausten 1949. Der vart han med ein gong sett inn som formann i finanskomiteen. I november 1951 varsla statsminister Einar Gerhardsen at han vil gå av, og Oscar Torp skipa regjering. Der vart Bratteli finansminister, i første omgang i tre år, så lenge Torp var statsminister. Deretter var han på Stortinget i to år, og så vart han på nytt finansminister hos Gerhardsen i nye tre og eit halvt år.
Det er knapt nokon i nyare tid som har hatt så lang fartstid som finansminister som Trygve Bratteli. Han sleit og lærte i denne perioden, og han kunne tidvis tenkje seg å sleppe ansvaret, men fekk etter kvart så stor innsikt i økonomi at han kunne måle seg med dei fleste fagøkonomane.
Erik Brofoss introduserte nasjonalbudsjettet som økonomisk styringsverktøy etter krigen. Ansvaret for nasjonalbudsjettet tok Brofoss med seg til Handelsdepartementet då han i 1947-48 flytta dit, men då Bratteli vart finansminister i 1951 gjorde han krav på å få nasjonalbudsjettet til sitt departement. Bratteli ville ha dei økonomiske trådane i si hand og vart etter kvart eit tyngdepunkt i regjeringa. I tillegg hadde han hatt ansvaret for utforminga av Arbeidarpartiets program sidan 1946. Han hadde difor makt til å påverke politikken, og han drog partiet i moderat retning.
Trygve Bratteli hadde stor tru på fagkompetanse, og han knytte til seg sosialøkonomen, professor Trygve Haavelmo, den seinare nobelprisvinnar, som økonomisk rådgivar.  Etter den lange perioden som finansminister, sat Bratteli fire år som samferdselsminister før han i 1964 gjekk tilbake til Stortinget.
Opna oljealderen
I heile den lange perioden i regjeringa hadde han studert og følgt med i korleis Einar Gerhardsen gjorde det. Bratteli visste difor godt korleis det var å vere statsminister då det omsider vart hans tur. Han visste også godt på kva område han ikkje ville etterlikne Gerhardsen. Spesielt galdt det unoten som Gerhardsen og andre av hans generasjon hadde med å avgjerde sakene uformelt i lukka rom og blant få personar før dei seinare kom til avgjerd i organ der dei formelle vedtak skulle fattast. Bratteli meinte at partidemokratiet skulle råde, og at ein fekk finne seg i dei resultat det måtte gi.
I statsministerperioden fekk han oppleve å vere den som innleidde oljealderen her i landet, då han i juni 1971 opna det store Ekofisk-feltet. Han fekk også bygd ut bedriftsdemokratiet.
EF-striden i 1972
Likevel var det gjennomføringa av forhandlingane med EF som vart den store saka for den første regjeringa Bratteli. Då denne regjeringa tok over vart det ein heilt annan målmedviten driv over forhandlingsprosessen.
I januar 1972 vart det oppnådd ein avtale som Bratteli meinte var god og som han ville forsvare i ei folkeavstemming, men då viste det seg at fiskeriminister Knut Hoem ikkje fann å kunne vere med lenger. Midt i innspurten trakk han seg og sa at vilkåra i avtalen var uakseptable for Noreg. Det vart eit hardt slag for Bratteli, men det var uråd å merke noko på han. Han tok det til etterretning.
Det vart så avgjort at folkeavstemminga skulle vere 24. og 25. september i 1972. Dermed starta også innspurten på ein valkamp som er den hardaste og mest uforsonlege i dette hundreåret. Bratteli var klar over at denne striden kom til å gå hardt ut over Arbeidarpartiet. Frontane hadde i over eitt år samla seg til det avgjerande slaget, og det var for lengst i gang, men parolen frå Bratteli var at Arbeidarpartiet skulle vente på forhandlingsresultatet. Som partisekretæren, Ronald Bye, skriv i boka si, Sersjanten, så var det lagt lokk frå partileiinga på partiets offisielle standpunkt. «I 401 dager av de 557 dagene mellom Brattelis utnevning og folkeavstemningen hadde ikke Arbeiderpartiet tatt noe offisielt standpunkt», skriv Bye. Han meiner at folkeavstemminga vart tapt på at leiinga i Arbeidarpartiet kom for seint inn i kampen. For det hadde Bratteli eit hovudansvar. 
Partiet hadde ekstraordinært landsmøte i april. Der sa Einar Gerhardsen følgjande: «Jeg har sagt at dersom partiet ikke hadde noen kjente medlemmer og tillitsmenn som var mot medlemskap, burde vi skaffe oss noen, for med det å gjøre det klart for alle at en kan tilhøre Arbeiderpartiet, også om en stemmer nei ved folkeavstemningen». Det var ei bombe. Gerhardsen som hadde kjempa mot fraksjonsverksemd sidan 1920-åra, opna for at nå var det legalt. For Bratteli var nok dette eit slag, men sjølv sa han i ettertid berre: «Jeg hørte det. Jeg visste hva det innebar. Men jeg reagerte ikke. Det var slik.»
Kabinettspørsmål
Stendig fleire stilte nå spørsmål om kva regjeringa ville gjere dersom det vart fleirtal for nei ved folkeavstemminga. I landsstyremøtet på Gjøvik i slutten av august 1972 vart det vedteke at regjeringa ville gå av om det vart nei-fleirtal. Bratteli stilte kabinettspørsmål til folket på same måten som regjeringa Michelsen gjorde det i 1905 i spørsmålet om kongedømme eller republikk. Ved den neste folkeavstemminga, i 1994, stilte ikkje Gro Harlem Brundtland eit tilsvarande kabinettspørsmål. Tvert om, ho sa at regjeringa ville styre vidare uansett resultat.
For Bratteli i 1972 var dette kabinettspørsmålet naturleg. «..det er ikke mulig å støtte regjeringen ved å gå mot dens politikk», sa han. Det vart nei i 1972, og etter at regjeringa hadde lagt fram statsbudsjettet i førstninga av oktober, varsla Bratteli at han ville gå. Nei-regjeringa til Lars Korvald tok over og Bratteli vart på nytt parlamentarisk leiar.
Valnederlag
Valkampen for Arbeidarpartiet i 1973 vart svært vanskeleg. Partiet oppnådde sitt dårlegaste resultat etter krigen, 35, 3 prosent. 62 representantar til Arbeidarpartiet og heile 16 frå det nyskipa Sosialistisk Valforbund, ei samling av SF, Noregs Kommunistiske parti og frittståande sosialistar, ga eit parlamentarisk fleirtal på ein representant. Det skulle ikkje bli lett. Bratteli hadde nå stått i spissen for dei to største nederlaga for Arbeidarpartiet etter krigen, folkeavstemminga og valet i 1973, og det kunne nok merkast på han. Han verka eldre og mindre offensiv.
I den nye regjeringa Bratteli skipa i 1973 kom den unge legen Gro Harlem Brundtland inn som miljøvernminister. Det var Bjartmar Gjerde som hadde lansert henne. Bratteli kjende henne ikkje på førehand. Problemet med å skipe regjering var stort. Både ja- og nei-sida kjempa for å få «sine» med i regjeringa. Bratteli kjende autoriteten sin svekka i denne prosessen. Mange djupe og vonde sår låg på lur i den vidare prosessen både i Stortinget og i partiet, og det røynde hardt på Trygve Bratteli. Han sleit seg fram i motvind og kreftene minka.
Vinteren 1974 kom oljekrisa med bensinrasjonering. I juni 1974 kunngjer Bratteli at han vil gå av på landsmøtet neste år. Det blir starten på ein krig i kulissene om å bli Brattelis etterfølgjar, ein krig som i høg grad også skulle såre Trygve Bratteli. Persondiskusjonen raste i tida fram til landsmøtet, og eit eige utval, det såkalla «postkasseutvalet», skulle ta mot råd og vink om formannsvalet frå medlemene.
På oppseiing
Einar Gerhardsen kasta seg på nytt inn og gjorde framlegg om at verva som partiformann og statsminister burde delast. Det kom til å bli eit avgjerande innspel. I finalen om formannsvervet kom det til å stå mellom Reiulf Steen og Odvar Nordli. Landsmøtet skulle velje ein, og det vart Reiulf Steen, men for å gi den tapande fraksjonen plaster på såret, vart det hengt på vedtaket at Odvar Nordli skulle vere statsministerkandidat når skifte av statsminister vart aktuelt. Det var det same som å setje statsminister Bratteli på oppseiing.
For Trygve Bratteli vart landsmøtet i 1975 ei svært nedverdigande forestilling. Spørsmålet reiste seg nokså raskt: Når skulle Bratteli gå? Han vart nærast pressa ut av ivrige Nordli-tilhengarar som gjerne ville ha gjennomført andre delen av landsmøtevedtaket. I september 1975 banka dei to fremste tillitsmennene i Arbeidarpartiet, Reiulf Steen og den nye partisekretæren, Ivar Leveraas, på Brattelis dør og ba han om å trekkje seg. Det kjende Bratteli som sterkt nedverdigande, naturleg nok, etter hans langvarige innsats for partiet.
Kort tid etter var det landsstyremøte og då kunngjorde Bratteli at han ville gå av i januar 1978. Den lovnaden heldt han. På nytt vart han gruppeleiar i Arbeidarpartiet, men mykje av krafta i han var nå borte. Han stilte til val på nytt i 1977. Då var han 67 år gamal. Det vart sagt til han at han kanskje ikkje burde stille ein gong til, men han svarte ikkje. Den siste perioden vart ikkje god for Trygve Bratteli og han var berre ein skugge av seg sjølv.
Høg politisk intelligens
Trygve Bratteli var ein heilt spesiell figur i det norske politiske landskapet. Han snakka ikkje i utide, verka nesten mutt og utilnærmeleg, men han hadde stor intellektuell styrke og svært høg politisk intelligens. Det gjorde at han alltid vart lytta til både i Stortinget og i politiske forsamlingar.
Bratteli hadde ei framtidsoptimisme som kunne ta pusten frå dei fleste. Han hadde stor tru på den menneskelege evna til omstilling og nyutvikling. Han såg langt, men nokon folketalar slik som Einar Gerhardsen vart han aldri. Dei to sto ikkje på spesielt god fot med kvarandre, men dei hadde sans for dei sterke sidene til kvarandre. Gerhardsen vart stemmesankaren, og Bratteli tok seg av dei tunge løft i den praktiske politikken. Dei var på ein måte avhengig av kvarandre.
Bratteli vart ikkje folket på fornamn med, og noka stor TV-stjerne vart han aldri. Han hadde ikkje karisma til det. Ikkje så lite distré kunne han vere. Då Reiulf Steen vart vald til nestformann i 1965 og tok plass ved sida av Bratteli rundt bordet i sentralstyret, så ba han om ordet i ein diskusjon. Reiulf Steen registrerte at Bratteli vart uroleg. Etter at han hadde flytta litt rundt på nokre papir, så spør Bratteli: «Hva heter du igjen?». Då hadde han gløymt den nye nestformannens namn.
«Sfinxen» er han blitt kalla, men det er urettferdig, for i godt lag kunne Bratteli tø opp og vere ein morosam mann. Han var slett ikkje nokon puritanar, men taus kunne han vere, både i tide og i utide, og mange gongar stor partifunksjonærar og trippa for å få eit svar eller ei avgjerd frå partiformannen. Når dei ikkje fekk det, rekna Bratteli med at dei fann på ei løysing sjølve. Som Ronald Bye seier det: «Trygve løste like mange saker med taushet som med ord». 
Den 20. november 1984 døydde han. Kona hans, Randi, har fortalt at noko av det siste han sa var: «Jeg har levd mitt liv Jeg synes jeg har gjort nytte for meg. Jeg er i grunnen en lykkelig mann». Nøktern var han til det siste.
Videokjelde: nrk.no http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/507187 [lesdedato 12.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 01.03.2012
Sist oppdatert: 12.06.2013