Faktaboks

Lise Christoffersen
Fødd
5. august 1955, Drammen
Lise Christoffersen

Lise Christoffersen er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som var ordførar i Drammen 1995–2003 og er stortingsrepresentant frå Buskerud sidan 2005.

Bakgrunn

Lise Christoffersen er fødd i Drammen. Ho gjekk ut av Drammen gymnas i 1974, tok cand.mag.-graden i 1979 og hovudfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1989, med ei hovudfagsoppgåve om dei folkevalde og administrasjonen sin innverknad på kommunalt budsjettarbeid.

Ho var vitskapleg assistent ved Universitetet i Oslo 1982–1983, forskingsassistent ved Fondet for markeds- og distribusjonsforskning 1983–1984 og konsulent og førstekonsulent i Sosialdepartementet 1984–1989. Christoffersen var forskingsassistent og forskar ved Institutt for sosialforskning i 1989–2005, og seniorrådgivar ved Asplan Viak A/S 2004–2005.

Politisk karriere

Christoffersen var medlem av styret i Drammen AUF 1976–1982, deretter leiar 1982–1983. Ho var medlem i styret i Drammen Arbeidarparti 1980–1995. Christoffersen var bystyrerepresentant i Drammen i 1979–2003, sat i formannskapet 1983–1991, var varaordførar 1991–1995 og ordførar 1995–2003. Ho var leiar av DNAs kommunalutval i 2003–2005 og av programkomiteen i 2003. Ho var medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet 2005–2009.

Christoffersen har vore stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Buskerud frå 2005. I perioden 2005–2009 var ho andre nestleiar i arbeids- og sosialkomiteenStortinget, og var i2013–2021 igjen medlem i same komite. Frå 2009 til 2013 var ho medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen, og sidan 2021 er ho medlem av finanskomiteen. Ho har særleg vore oppteken av eit inkluderande samfunn og kampen mot fattigdom.

Andre verv

Ho har hatt ei lang rekkje verv, mellom anna forstandarskapet for Sparebanken Buskerud 1980–1987, representantskapet i A/S Finans i 1987–1988, styret for avisa Fremtiden 1991–1999 og styret for Kommunenes Sentralforbund Buskerud 1991–2003. Christoffersen var leiar av Drammen havnevesen 1995–2003, kontaktutvalet for Veipakke Drammen 1991–2003 og brukarutvalet ved Radiumhospitalet 2002–2005. Ho var medlem av styret for Strømsgodset Toppfotball 2003–2020. Ho var styremedlem i Vinmonopolet 1996–2003 og i rådet for Vestregionen i 1995–2003. Ho fekk Bymiljøprisen i 2003 på vegner av Drammen kommune.

Utgjevingar

Christoffersen har skrive artiklar i fleire fagbøker og har mellom anna laga INAS-rapporten Uførepensjonen på 80-tallet. Nasjonal vekst med lokale variasjoner (1995).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg