Hopp til innhold
Paul Chaffey i 2015. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / Høgre. Kjelde: Høyre, flickr.com. CC BY-NC 2.0.
Paul Chaffey i 2015. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / Høgre. Kjelde: Høyre, flickr.com. CC BY-NC 2.0.
X
Innhald

Paul Chaffey

Paul André Chaffey, næringslivsmann, høgrepolitikar og tidlegare stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti. Han gjorde comeback i rikspolitikken og blei statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet ved regjeringsskiftet i 2013.

Paul Chaffey er fødd 10. juli 1965 i Oslo. Han var elev ved Valler videregående skole i 1981–84, studerte ved Universitetet i Oslo og tok statsvitskap grunnfag i 1986 og grunnfag i historie i 1989. Frå 1989 til 1997 var han stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti. Han gav seg som politikar og var tilsett i Statoil i 1997–2001, og han hadde ulike roller innanfor helse, miljø og tryggleik (HMT). I åra 2001–13 var han administrerande direktør i Abelia, NHO-foreininga for kunnskaps- og teknologibedrifter. Då Erna Solberg overtok som statsminister i 2013, blei Chaffey statssekretær for Jan Tore Sanner i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I 2019 blei han statssekretær for digitaliseringsminister Nikolai Astrup.

Chaffey var ein sentral ungdomspolitikar for Sosialistisk Ungdom (SU). Det begynte med at han sat i styret for Bærum SU i 1983–84 og styret for Akershus SU i 1984–85. I 1984–85 var han fylkessekretær for Oslo SU, i 1985–90 var han medlem av landsstyret i SU, og dei to siste åra var han leiar av ungdomsorganisasjonen. Han var medlem av landsstyret og sentralstyret i Sosialistisk Venstreparti (SV) i 1986–89, og som 24‑åring blei han i 1989 vald inn på Stortinget for Akershus. Han var stortingsrepresentant i to periodar, den første som medlem i utanriks- og konstitusjonskomiteen og den andre i energi- og miljøkomiteen. Politisk var han svært oppteken av klima og miljø, og av dei sosiale ulikskapane i verda.

1 1997 slutta han som politikar, melde seg ut av Sosialistisk Venstreparti og tok etter kvart avstand frå dei tidlegare politiske synspunkta sine. Ikkje uventa har han fått kritikk for det frå tidlegare meiningsfellar. Mellom anna Jon Michelet har kalla Chaffey ein opportunist som bytte standpunkt når det passa han. Frå å vere imot norsk medlemskap i NATO og røyste nei til norsk medlemsskap i EU i 1994, meiner Chaffey no at Noreg bør vere medlem i begge desse organisasjonane. Han hevdar at det er mogleg å få til økonomisk vekst og samtidig kutte kraftig i klimautsleppa. Chaffey ser med andre auge på internasjonal handel enn før. Han meiner at vi er tente med å byggje ned handelshindringar, er positiv til globalisering og har røysta Høgre sidan stortingsvalet i 2001.

Chaffey har hatt mange offentlege verv, mellom anna var han nestleiar i styret for Kompetansesenter for likestilling (Likestillingssenteret) i 1997–2002 og leiar for styret i Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI) i 2002–05. Han var medlem av sentralstyret i Norges Gymnasiastforbund (NGS) i 1984–85, medlem av styret for Amnesty International i 2001–05 og medlem av styret for Universitetet i Oslo i 2002–09, i tillegg til ein del andre verv.

Han gav ut Lik rett til utdanning (1986) og Grønn framtid? (1989) og var ein av forfattarane av debattboka Åpen verden – et forsvar for globaliseringen (2004).


 

Kjelder

Paul Chaffey, profil, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/paulchaffey/?originalSubdomain=no [lesedato 2.12.2019]

Paul Chaffey, biografi, stortinget.no: https://stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representant/?perid=PC [lesedato 2.12.2019]

Kommunal- og moderniseringsdepartementet: «Statssekretær Paul Chaffey (H)», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dep/kmd/org/politisk_ledelse/ovrig-politisk-ledelse-under-digitaliseringsministeren/statssekretar-paul-chaffey/id742990/ [lesedato 2.12.2019]

 

Peikarar

Henning Meese: «Podcast: Fra SV til Høyre på digitaliseringsbølgen», cw.no, publisert 9.5.2019

Stig Solheim: «Paul Chaffey: Stolt som en værhane», budstikka.no, publisert 11.1.2014

Anne Lognvik og Anette Stensholt: «Sigvald Oppebøen Hansen går av», nrk.no, publisert 25.3.2012

Først publisert: 05.10.2020
Sist oppdatert: 05.10.2020