Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

André Oktay Dahl

André Oktay Dahl, jurist og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus.

André Oktay Dahl er fødd 7. juli 1975 i Lørenskog i Akershus og voks opp i Rælingen. Han tok Rælingen videregående skole 1991–94, avtente verneplikta i Garden i 1995 som soloklarinettist og studerte til cand.jur. ved Universitetet i Oslo 1996–2002. I 2011 tok han sjefskurs ved Forsvarets høgskole.
Dahl var klarinettinstruktør for ulike skulekorps 1992–94, arbeidde deltid på Vinmonopolet 1993–98 og hos gullsmed Thune 1999–2000, var miljøarbeidar ved Ryen bofellesskap 1999–2002 og var stortingsrepresentant for Høgre 2001–13. Frå 2013 arbeider han i PR-byrået Gambit H+ K.
Han var leiar i Rælingen Unge Høgre 1992–93, leiar i Akershus UH 1997–98, medlem av Rælingen kommunestyre 1995–99, varamedlem 1999–2003, medlem av fylkesstyret for Akershus Høgre 1997–2003, medlem av styret for Skedsmo Høgre 2002–04, medlem av fylkestinget i Akershus 1993–2006, leiar av kontrollkomiteen i Akershus fylke 2003–07 og leiar av Akershus Høgre frå 2008. Han var vararepresentant på Stortinget frå 1997 til 2005, men møtte fast for statsråd Jan Petersen i perioden 2001–05, og hadde fast plass frå Akershus i perioden 2005–13. Dahl arbeider politisk for samferdsel, skattelette, skule og dei som er utsette for overgrep.
Dahl har vore meddommar i herredsretten på Nedre Romerike (1996–2001), medlem av yrkesopplæringsnemnda i Akershus, medlem av styret for Stiftelsen Høgskolesenteret på Kjeller, medlem regionrepresentantskapet for Sparebanken NOR i Oslo/Akershus, medlem av utdanningsutvalet i Akershus (1999–2003) og medlem av Mannspanelet (2007–08). Dahl var medlem i styret for Norsk Krisesenterforbund (2008–12) og Fellesskap mot seksuelle overgrep (2008–11) og medlem i styret for Skeiv Verden frå 2011. Han fekk Dixi-prisen i 2008 for arbeidet knytt til overgrep mot menn og Skeive dagers ærespris i 2009.
Kjelder
André Oktay Dahl, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ADA [lesedato 3.3.2012]
Peikarar
Verv i Høgre

Først publisert: 18.05.2012
Sist oppdatert: 09.04.2014