Hopp til innhold
Ola Elvestuen
Ola Elvestuen
Foto: Venstre. Gjengitt etter avtale.
X
Innhald

Ola Elvestuen

Ola Elvestuen, klima- og miljøminister og nestleiar i Venstre, har på grunn av naturvernengasjementet fått vepsen aphelinus elvestueni kalla opp etter seg.

Ola Elvestuen er fødd 9. oktober 1967 i Vestre Toten kommune. Vidaregåande. Anna utdanning. Frå 1989 til 1994 studerte Ola Elvestuen på Universitetet i Oslo. Han tok sosialantropologi, mellomfag i statsvitskap og historie, og byrja på hovudfag i historie. Elvestuen har arbeidd som organisasjonsrådgivar i Venstre, og på ulike barar og kafear i Oslo.

 

Sidan 2013 har Elvestuen vore stortingsrepresentant frå Oslo. Frå 2013 til 2018 var han leiar av energi- og miljøkomiteen og parlamentarisk nestleiar for Venstre. Han var vara til Stortinget 2001–2013. Elvestuen har bakgrunn frå bypolitikken i Oslo, og 1995–2003 var han bydelspolitikar på St. Hanshaugen. Frå 2003 var han medlem av bystyret, og i perioden 2007–2011 leia han byutviklingskomiteen i hovudstaden. I 2011 gjorde Venstre eit godt val i Oslo, og vart større enn Framstegspartiet. Det førte Venstre inn i byråd, og Ola Elvestuen var byråd for miljø og samferdsel 2011–2013. Frå 2018 er han klima- og miljøminister.

 

I 2000 vart Ola Elvestuen leiar av Oslo Venstre etter Trine Skei Grande, og medlem av Venstres landsstyre. Frå 2008 har han vore nestleiar i Venstre, først under Lars Sponheim, og seinare under Trine Skei Grande.

 

Elvestuen har naturvern og klima som hovudsaker. Han har vore særleg synleg som pådrivar for skogvern, fleire nasjonalparkar i Noreg, å ta vare på rovdyra som er att i norsk natur og klimavennleg samferdsle. Etter at han, som byråd, gav økonomisk støtte til kartlegging av natur i Maridalen i Oslo, fekk han vepsen aphelinus elvestueni kalla opp etter seg. Han har i lokalpolitikken markert seg i byutviklingssaker, og det var engasjementet Høgre og Venstre hadde for bygging av Munch-museet Lambda i Bjørvika som førte til at Framstegspartiet gjekk ut av byråd, og Venstre inn i 2011.

 

Kjelder

Samtale med bystyremedlem i Oslo og tidlegare leiar i Venstre Odd Einar Dørum 15.1.2018

 

Ali Hagi: «Tok seg frihet til fri», Universitas.no, publisert 19.9.2007: http://universitas.no/feature/49620/tok-seg-frihet-til-fri [lesedato 16.1.2018]

Ola Elvestuen, Stortinget.no, https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=OLE [lesedato 16.1.2018]

Ola Elvestuen, saker og publikasjonar, Stortinget.no, https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=OLE&tab=ProcAndPubl#secondaryfilter [lesedato 16.1.2018]

George Japoshvili og Lars Ove Hansen, «Revision of the genus Aphelinus Dalman (Hymnoptera: Chaclcidoidea: Aphelinidae) in Norway with descriptions of 3 new species”, Turkish Journal of Zoology, Tüübitak 2014, http://journals.tubitak.gov.tr... [lesedato 16.1.2018]

Først publisert: 17.01.2018
Sist oppdatert: 17.01.2018