Hopp til innhold

Einar Førde

Einar Førde

Einar Førde, politikar og kringkastingssjef, ein av dei mest markerte Arbeidarparti-politikarane etter 1945, men kom seg aldri heilt til topps. Derimot blei Førde kringkastingssjefen som berga NRK i konkurransen med TV 2.

Les meir om Einar Førde

Erling Folkvord

Erling Folkvord

Erling Folkvord, politikar for partiet Raudt. Han er den einaste til no som har representert partiet på Stortinget. Gjennom eit sterkt engasjement har han oppnådd å verte høgt respektert også av mange politiske meiningsmotstandarar

Les meir om Erling Folkvord

Johan Falkberget

Johan Falkberget

Johan Falkberget, norsk forfattar og politikar. Han var ein av dei viktigaste prosaforfattarane i Noreg i det 20. hundreåret. I romansyklusane Christianus Sextus og Nattens brød skriv han om einskildmennesket sin kamp for å overleve i eit ugjestmildt gruvesamfunn.
Les meir om Johan Falkberget

Julius Fure

Julius Andreas Fure, høgrepolitikar frå Selje som sette sterke spor etter seg, ikkje minst i det fylkespolitiske arbeidet i Sogn og Fjordane.

Les meir om Julius Fure

Kjell-Børge Freiberg

Kjell-Børge Freiberg

Kjell-Børge Freiberg, næringsmiddelteknikar og politikar frå Framstegspartiet. Olje- og energiministeren frå Vesterålen er tilhengjar av oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, sjølv om regjeringa ikkje opnar for det i denne stortingsperioden.

Les meir om Kjell-Børge Freiberg

Knut Magne Flølo

Knut Magne Flølo

Knut Magne Flølo, elektrikar, gründer, tidlegare ordførar i Vestnes kommune og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Møre og Romsdal. Han møter fast som representant for landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Les meir om Knut Magne Flølo

Oddleif Fagerheim

Oddleif Fagerheim, lærar og politikar frå Fjaler. Politisk stod han langt ute på venstresida i Arbeidarpartiet. Han brann for folkeopplysning og kultur, og ei av hjartesakene hans var nordisk samarbeid.
Les meir om Oddleif Fagerheim

Ola Five

Ole («Ola») Olsen Five, skulemann, venstrepolitikar og skyttarlagsorganisator. Han var hovudmannen bak folkevæpningsrørsla i 1880-åra.

Les meir om Ola Five