Hopp til innhold
X
Innhald

Osmund Faremo

Osmund Faremo, politikar, målmann og motstandsmann frå Setesdal.
Osmund Faremo var fødd 23. november 1921 i Hylestad i Setesdal og døydde i Bygland 16. april 1999. Då andre verdskrigen braut ut, gjekk han på befalsskulen i Kristiansand (1938–40) og var med i krigshandlingane. Han var trafikkelev ved NSB (1941–43), tok Jernbaneskolen i 1946, var tilsett i NSB (1946 og 1959–64) og var turist- og tiltakssjef i Setesdalsområdet (1964–69).
Under krigen han gjekk inn i motstandsarbeidet (Milorg) og blei send i konsentrasjonsleir i Tyskland og Austerrike (1943–45). I 1987 gav han ut erindringsboka Takk for livet, Emil.
Faremo sat 20 år på Stortinget for Aust-Agder Arbeidarparti (1965–1985, vararepresentant 1958–65). Han var medlem av Bygland kommunestyre frå 1951 til 1975, og i 1958–59 og 1963–66 var han ordførar i Bygland. Han var \og medlem av Aust-Agder fylkesting (1958–60), i tillegg til andre partiverv.
Han var med å skipe Løvebakken mållag og var leiar i 1978–85. Faremo hadde ei lang rekkje offentlege verv, mellom anna sat han i styret for Dag og Tid (1971–86) og var formann i styret for Nynorsk pressekontor (1992–98). Han fekk tildelt mange prisar, mellom anna DDRs æresmedalje (1970), Bygland Mållags målpris (1979), årets Setesdøl (1987) og Forsvarsforeningens medalje (1998). I 1993 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.
Kjelder
Osmund Faremo, intervju, hvitebusser.no, http://www.hvitebusser.no/Webdesk/netblast/pages/index.html?id=143319 [lesedato 26.4.2011]
«Motstandsmannen frå Setesdalen. Osmund Faremo», Digital Okkupasjon, http://home.hib.no/mediesenter/digOkku/faremo/faremo.htm [lesedato 26.4.2011]
Red: «Osmund Faremo», snl.no, sist oppdatert 21.10.2009, http://www.snl.no/Osmund_Faremo [lesedato 26.4.2011]

Først publisert: 26.04.2011
Sist oppdatert: 26.04.2011