Faktaboks

Ingebjørg Godskesen

Ingebjørg Amanda Godskesen

Fødd
26. mai 1957, Kristiansand, Agder
Ingebjørg Godskesen.

Ingebjørg Godskesen er tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Aust-Agder i 2009–2017.

Bakgrunn

Ingebjørg Amanda Godskesen er fødd i Kristiansand i Vest-Agder (no Agder). Ho gjekk på Kristiansand Handelsgymnasium og Handelsskole i 1974–1977 og fekk handelsbrev i 1977, tok EDB-programmering ved Agder distriktshøgskole (no Universitetet i Agder) i 1978–1979 og husflidsskulen i Kristiansand i 1979–1980. Godskesen arbeidde i ingeniørvesenet i Kristiansand i 1977–1978, i administrasjonen i 1978–1982 og ved kontrollkontoret i 1982–1987 i NSB i Kristiansand og i Oslo, starta firmaet ABC-Text Økonomi i 1986 og var salskonsulent for Dagligvareservice i 1995–2003.

Politisk karriere

Godskesen var nestleiar i Arendal Framstegsparti i 2001–2002 og leiar 2002–2004, studieleiar i Aust-Agder Framstegsparti i 2001–2003 og medlem i studieforbundet til Framstegspartiet i 2002–2003. Ho var regionssekretær i Aust- og Vest-Agder Framstegsparti i 2003–2009. Ho var medlem av Arendal bystyre i 2003–2011 og sat i formannskapet i 2007–2009, før ho blei stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Aust-Agder i 2009.

Ho var stortingsrepresentant frå 2009 til 2017, og satt i siste del av 2017 som uavhengig stortingsrepresentant. Godskesen var medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget i 2009–2015 og av arbeids- og sosialkomiteen i 2015–2017. Ho vart ikkje renominert før valet 2017 og melde seg seinare ut av partiet. Som stortingsrepresentant arbeidde ho for betre eldreomsorg, vegutbygging og for at grensekommunane i Aust-Agder ikkje skal byte fylke.

Andre verv

Ho var meddommar i tingretten i Arendal i 2003–2007, medlem av driftsutvalet i Arendal i 2003–2007, medlem av planutvalet i 2007–2009 og medlem av styret for Kommunenes Sentralforbund i Aust- og Vest-Agder i 2007–2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg