Alf Holmelid
Alf Holmelid
Alf Egil Holmelid, sivilingeniør, forskingsdirektør ved Universitet i Agder. Stortingsrepresentant 2009—13, som den første stortingsrepresentanten for Sosialistisk Venstreparti frå Sørlandet nokon gong.
Andreas Halse
Andreas Halse
Andreas Christiansen Halse, politikar og dagleg leiar i Svenssonstiftelsen. Han var leiar i Sosialistisk Ungdom (SU) i perioden 2012–14.
Anniken Hauglie
Anniken Hauglie
Anniken Hauglie, cand.polit. og politikar, tidlegare byråd for kunnskap og utdanning i Oslo. Ho var arbeids- og sosialminister i Solberg-regjeringa 2015–2020.
Anniken Huitfeldt
Anniken Huitfeldt
Anniken Scharning Huitfeldt, historikar, tidlegare leiar av AUF og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus. Ho var statsråd ved fleire departement under Stoltenberg-regjeringa.
Are Helseth
Are Helseth
Are Helseth, lege og 1. vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet frå Akershus, men har møtt fast sidan 2009.
Arild Hermstad
Arild Hermstad
Arild Hermstad, geograf, tidlegare leiar av Framtiden i våre hender og sidan 2018 ein av to nestleiarar i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).
Arne Hjeltnes
Arne Hjeltnes
Arne Hjeltnes, konsernsjef, forfattar, folkekjær og allsidig programleiar på NRK og TV2 og høgrepolitikar.
Bent Høie
Bent Høie
Bent Høie, hotellfagutdanna stortingsrepresentant for Høgre frå Rogaland og helse- og omsorgsminister i Solberg-regjeringa frå oktober 2013.
Baard Haugland
Bård Hoksrud
Bård Hoksrud
Bård Hoksrud, handelsmann og politikar frå Framstegspartiet. I 2018 blei han den tredje landbruksministeren for Framstegspartiet, som er det partiet som har styrt landbruksdepartementet lengst i åra etter 2010.
Carl Joachim Hambro
Carl Joachim Hambro
Christopher Hornsrud
Christopher Hornsrud
Christopher Hornsrud, politikar og formann i Arbeidarpartiet. Han var statsminister i berre atten dagar, men levde lenger enn nokon annan norsk regjeringssjef, i 101 år.
Einar Hovdhaugen
Einar Hovdhaugen, bonde og politikar, forfattar, målmann og kulturhistorikar.
Eivind Hansson Hognestad
Eivind Hansson Hognestad, gardbrukar, forsøksdyrkar, ordførar og stortingsrepresentant.
Francis Hagerup
Francis Hagerup
Francis Hagerup, jurist og politikar. Han var statsminister frå 1903 til 1905, då usemje om unionspolitikken førte til at han gjekk av.
Heikki Holmås
Heikki Holmås
Heikki Holmås, siviløkonom. Holmås var stortingsrepresentant i fleire periodar for Sosialistisk Venstreparti for Akershus og er tidlegare bistandsminister i Noreg.
Hieronymus Heyerdahl
Hieronymus Heyerdahl
Hilde Haugsgjerd
Hilde Haugsgjerd, journalist og tidlegare politikar. Ho var den første kvinnelege sjefredaktøren i ei landsdekkjande avis her i landet.
Hulda Holtvedt
Hulda Holtvedt
Hulda Holtvedt, politikar og nasjonal talsperson for Grøn Ungdom sidan 2017, den yngste ungdomspartileiaren i Noreg nokon gong.
Ingrid Heggø
Ingrid Heggø
Ingrid Bjørketun Heggø, banktilsett og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane sidan 2005.
Jens Chr. Hauge
Jens Chr. Hauge
Jens Christian Hauge, motstandsmann, politikar og advokat. Hauge var under krigen leiar for Milorg. Etter krigen var han statsråd for Arbeidarpartiet.
Jens Haugland
Jens Haugland
Jens Haugland, jurist, dommar og tidlegare statsråd for Arbeidarpartiet. Haugland var ein av få sentrale Ap-politikarar som markerte seg både mot norsk medlemskap i NATO og EEC, men som vart verande i partiet.
Jens Hundseid
Jens Hundseid
Jens Hundseid, landsbrukslærar og politikar. Han tok over som statsminister då sitjande statsminister Peder Kolstad døydde. Han var medlem i Nasjonal Samling og vart under rettsoppgjeret etter krigen dømd til 10 års fengsel.
Johannes Helleland
Johannes Helleland, ordførar og stortingsmann for Venstre. Han starta den første folkehøgskulen på Vestlandet og var ei drivkraft i opplysningsarbeidet i 1870- og 80-åra, trass i mykje motgang.
Jonas Anton Hielm
Kari Henriksen
Kari Henriksen
Kari Henriksen, psykiatrisk sjukepleiar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Vest-Agder frå 2009.
Kirsten Hansteen
Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide, siviløkonom, stortingsrepresentant og samferdselsminister. Han var partileiar i Kristeleg Folkeparti 2011–19.
Kolbjørn Hauge
Kolbjørn Hauge
Kolbjørn Hauge, lærar og forfattar. Krimforteljingar frå vestlandske småbygder vart varemerket hans. For Død mann i boks (1995) fekk Hauge Rivertonprisen.
Kristian Halse
Kristian Halse
Kristian Halse, lærar og politikar, var ei drivande kraft i kulturlivet i Vefsn kommune. Han gav ut bøker og skreiv artiklar om historie og kultur i Mosjøen og Vefsn. Han skreiv òg artiklar om Helgelands kulturhistorie.
Kristin Halvorsen
Kristin Halvorsen
Kristin Halvorsen, markant partileiar i SV i 15 år og tidlegare finansminister og kunnskaps- og forskingsminister. I 2005 blei ho den første kvinnelege finansministeren i Noreg.
Lars Holst
Lars Kristian Holst, pressemann og Venstre-politikar. Han skreiv i dei tidlege målblada og var ein sterk redaktør i Dagbladet.
Linda Hofstad Helleland
Linda Hofstad Helleland
Linda Cathrine Hofstad Helleland, stortingsrepresentant for Høgre frå Sør-Trøndelag i fleire periodar og distrikts- og digitaliseringsminister.
Magnhild Hagelia
Magnhild Hagelia
Magnhild Hagelia, politikar. Ho representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i 16 år og var den første kvinna i presidentskapet.
Magnus Hydle
Magnus Hydle, stortingsreferent og statsrevisor, venstremann og målmann.
Marius Hægstad
Marius Hægstad
Kristofer Marius Hægstad, forleggjar og språkforskar. Han skipa aviser og skule, blei den første professoren i landsmål og laga den første offisielle rettskrivinga for det nye landsmålet.
Morten Høglund
Morten Høglund, rådgivar og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus 2001—13 og statssekretær i Utanriksdepartementet frå 2013.
Nils Hjelmtveit
Nils Hjelmtveit, lærar og politikar for Arbeidarpartiet, som kyrkje- og undervisningsminister innførte han framhaldsskule, og han kjempa mot obligatorisk teoretisk ungdomsskule for alle elevar.
Odd Højdahl
Odd Højdahl
Olav Hindahl
Otto Bahr Halvorsen
Otto Bahr Halvorsen, politikar. Statsminister og formann i Høgre, som med fast hand styrte landet gjennom dei store streikane på tjuetalet. Halvorsen arbeidde for å betre vilkåra for sjuke og fattige.
Rasmus Hansson
Rasmus Hansson
Rasmus Johan Michael Hansson, biolog, forskar, miljøaktivist og tidlegare talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Han var partiet sin første stortingsrepresentant (2013–2017).
Sigvald Oppebøen Hansen
Sigvald Oppebøen Hansen
Sigvald Oppebøen Hansen, postmann, politikar og stortingsrepresentant for Telemark frå Arbeidarpartiet i heile tjue år.
Solveig Horne
Solveig Horne
Solveig Horne, butikkslaktar, stortingsrepresentant for FrP frå Rogaland og tidlegare barne-, likestillings- og inkluderingsminister.
Sondre Hansmark
Sondre Hansmark
Sondre Hansmark Persen, student, politikar og leiar i Venstre sin ungdomsorganisasjon Unge Venstre frå 2017.
Svein Harberg
Svein Harberg
Svein Harberg, sjølvstendig næringsdrivande, tidlegare ordførar i Grimstad og stortingsrepresentant for Høgre frå Aust-Agder sidan 2009.
Thomas Thomassen Heftye
Thomas Thomassen Heftye
Tord Hustveit
Tord Hustveit
Tord Hustveit, student, politikar og leiar i Unge Venstre, ungdomsorganisasjonen til partiet Venstre, sidan 2013.
Torolv Hesthamar
Torolv Hesthamar, lokalpolitikar, eldsjel i mål- og kulturarbeid, stilsikker skribent og god talar, ofte med snert. Han var ei drivkraft bak skipinga av Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK).
Trond Helleland
Trond Helleland, statsvitar og stortingsrepresentant for Høgre frå Buskerud sidan 1997. I oktober 2013 vart han parlamentarisk leiar.
Valgerd Svarstad Haugland
Valgerd Svarstad Haugland
Valgerd Svarstad Haugland, lærar, fylkesmann og tidlegare statsråd. Ho var den første kvinnelege partileiaren for Kristeleg Folkeparti og ein av dei mest profilerte politikarane i Noreg ved inngangen til 2000-talet.
Vidar Helgesen
Vidar Helgesen
Vidar Helgesen, jurist, diplomat, politikar og statsråd frå oktober 2013. Han overtok som klima- og miljøminister i desember 2015, og hadde rolla til og med januar 2018.
Viggo Hansteen
Viggo Hansteen