Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Alf Holmelid

Alf Egil Holmelid, sivilingeniør, forskingsdirektør ved Universitet i Agder. Stortingsrepresentant 2009—13, som den første stortingsrepresentanten for Sosialistisk Venstreparti frå Sørlandet nokon gong.

Alf E. Holmelid er fødd 13. desember 1947 i Fjaler i Sogn og Fjordane, der han voks opp. Han gjekk på Firda Gymnas i 1964–67 og studerte teknisk kybernetikk ved Noregs tekniske høgskole i Trondheim i 1968–1973. Han arbeidde ved SINTEF i 1972–75, ved sentralinstituttet for industriell forsking i 1975–76 og var forskar, seniorforskar og avdelingsleiar ved Elkem forskning i Kristiansand i 1976–97. Han var førsteamanuensis, instituttleiar og dekan ved fakultet for teknologi ved Høgskolen i Agder i 1997–2002 og forskingsdirektør same staden i 2002–09. Frå 2009—13 var han vald til stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Vest-Agder. Frå 2013 er han tilbake som forskingsdirektør ved Universitetet i Agder.
Holmelid var varamedlem i Kristiansand bystyre for Sosialistisk Venstreparti i 1983–87 og fast medlem i 1987–2003. Han har vore medlem i styret og leiar av Kristiansand SV i ei årrekkje, medlem av styret for Vest-Agder SV og medlem av SVs landsstyre i 1980-åra og i perioden 2003–07. I 2009 blei han SVs første stortingsrepresentant frå Vest-Agder på utjamningsmandat og arbeider for å synleggjere Sørlandet, særleg innanfor miljøteknologi.
Holmelid har publisert artiklar i Utfordringar i regionalt samarbeid (2009) og fleire andre fagbøker og forskingsrapportar. Han har vore medlem av ekspertgruppa for Norsk forening for automatisering (1999–2002), styret for Nettverksuniversitetet (1999–2002), Innovasjon Norge (2000–02), Elinor (E-læring i Agder) (2002–04), Teknologirådet (2007–09) og styret for NODE (Olje- og gassnæringa på Sørlandet) (2007–09). Alf Holmelid er nynorskbrukar og fekk tildelt Målblomen av mållaga på Agder i 2012.
Kjelder
Alf E. Holmelid, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ALEH [lesedato 25.2.2012]
Alf E. Holmelid, eigen blogg: http://alfh.wordpress.com/ [lesedato 25.2.2012]
Peikarar
«Historisk SV-seier», om at Holmelid er vald inn på Stortinget, nrk.no

Først publisert: 21.05.2012
Sist oppdatert: 09.04.2014