Hopp til innhold
Foto: SU, Flickr.com CC BY-ND
Foto: SU, Flickr.com CC BY-ND
X
Innhald

Andreas Halse

Andreas Christiansen Halse, politikar og dagleg leiar i Svenssonstiftelsen. Han var leiar i Sosialistisk Ungdom (SU) i perioden 2012–14.

Andreas Halse er fødd 23. april 1986 i Lørenskog i Akershus. Han gjekk vidaregåande skule på Lørenskog i 2002–05 og tok bachelorgraden, med faga spansk, økonomi og historie, ved Universitet i Oslo i 2012. Halse var kommunikasjonsrådgivar i Human-Etisk Forbund 2014–16, og er frå 2016 dagleg leiar i Svenssonstiftelsen. Tidlegare har han arbeidd i skulen, som servitør og i barnehage.

Halse var sentralstyremedlem i Sosialistisk Ungdom, ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Venstreparti, i 2009–12, og leiar 2012–14. Han har vore fylkesleiar i Akershus Sosialistisk Ungdom og er fylkestingsrepresentant i Akershus for Sosialistisk Venstreparti for perioden 2011–15 og 2015–19.
Han arbeider politisk for eit trygt arbeidsliv, likestilling og likelønn, flytting av makt og ressursar til dei som tek dei tyngste lyfta i samfunnet, miljøvenleg industri og fleire bustader.

Kjelder

«Andreas Halse blir ny leder i Sosialistisk Ungdom», intervju på tv2.no: http://www.tv2.no/nyheter/politisk/andreas-halse-25-blir-ny-leder-i-sosialistisk-ungdom-3783843.html [lesedato 15.6.2013]

Andreas Halse sin profil på LinkedIn: https://no.linkedin.com/in/andreas-halse-944b0888 [lesedato 16.11.2016]

Peikarar

Først publisert: 22.10.2013
Sist oppdatert: 16.11.2016