Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Anniken Huitfeldt

Anniken Scharning Huitfeldt, historikar, tidlegare leiar av AUF og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus. Ho var statsråd ved fleire departement under Stoltenberg-regjeringa.

Anniken Huitfeldt er fødd 29. november 1969 i Bærum og voks opp på Jessheim i Akershus. Ho tok vidaregåande skule på Jessheim i 1985–88, grunnfag i statsvitskap og historie ved Universitetet i Oslo i 1989–92, grunnfag i geografi ved London School of Economics i 1993 og hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo i 1993–96, med ei oppgåve om Noregs haldningar til reorganiseringa i OECD i 1960.
Huitfeldt var fylkessekretær i Oslo AUF i 1988–89, forskar i forskingsstiftinga Fafo i 2000–05 og stortingsrepresentant i perioden 2005–17. Frå 2008 til 2013 var ho statsråd for Arbeidarpartiet i koalisjonsregjeringa av Ap, Sv og Sp. 2013—17 er ho stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus.
Huitfeldt var leiar av Ullensaker AUF i 1985–88, medlem av styret i Akershus AUF i 1986–90, medlem av sentralstyret i AUF i 1990–94, nestleiar i 1994–96 og leiar i 1996–2000. Frå 2002 har ho vore medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet og sidan 2007 leiar av kvinnenettverket. Ho var vararepresentant til Stortinget i periodane 1993–97 og 2001–05 frå Akershus og har fast plass i perioden 2005–17, men var statsråd i perioden 2008–13.  Ho var barne- og likestillingsminister i 2008–09, kulturminister 2009–12 og arbeidsminister 2012–13.
I 2009 var ho redaktør av boka Skapsprengere, saman med Kurt Ole Linn, der 17 menneske skriv om det å vere homofil. I 2010 debuterte ho som forfattar med barneboka Fortellingen om Gro Harlem Brundtland. Jenta som ble Norges statsminister og hele verdens doktor.
Huitfeldt har vore medlem av sentralstyret i Norges Gymnasiastsamband (NGS) (1987–88), visepresident i International Union of Socialist Youth (2000–01) og styremedlem i Redd Barna (2001–05), Falstadsenteret (2000–05) og NOAS (2003–05).
Kjelder
Anniken Huitfeldt, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ANNH [lesedato 24.2.2012]

Først publisert: 18.05.2012
Sist oppdatert: 09.04.2014