Hopp til innhold

Arild Hermstad

Arild Hermstad, geograf, tidlegare leiar av Framtiden i våre hender og sidan 2018 ein av to nestleiarar i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

Arild Hermstad er fødd 15. oktober 1966 i Bergen, men han bur no i Oslo. Han var elev ved Bergen katedralskole i 1982–85 og studerte økonomi ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1988–90. Hermstad er cand.polit. i geografi frå Universitetet i Bergen i 1995 og skreiv hovudfagsoppgåve med tittelen: «Kompost-moderne tider? Kommunale tiltak for avfallsminimering – 1990-årenes miljøsatsing i et nøtteskall?». 

Hermstad arbeidde i Sunnmørsbanken i 1986–89, var konsulent i Raftostiftelsen i 1999–2000 og generalsekretær i Framtiden i våre hender frå 2001 til 2017. Han er kommunikasjonsrådgivar i Hold Norge Rent, frå 2018, prosjektkoordinator i Fortidsminneforeningen, frå 2018, og ein av to nestleiarar i MDG frå 2018.

Han melde seg inn i Miljøpartiet Dei Grøne først i 2016, men allereie ved stortingvalet i 2017 var han partiet sin førstekandidat i Hordaland. Hermstad blei vald til mannleg talsperson for MDG i 2018 etter Rasmus Hansson. Frå 2020 er Hermstad nestleiar i partiet saman med Kriss Rokkan Iversen, medan Une Aina Bastholm er partileiar.

Han har kort fartstid som politikar, men har likevel arbeidd lenge med det som er dei viktigaste politiske sakene hans: å arbeide for nye grøne arbeidsplassar, mindre forureining i havet og at folk skal kunne leve miljøvenleg. Som tidlegare leiar i ein miljøvernorganisasjon møter han godt rusta i politiske debattar om miljøvern og klima.

Hermstad har hatt ei rekkje verv i frivillige organisasjonar, mellom anna var han styreleiar i Syklistenes Landsforening i 2013–18.

 

Kjelder

Robert Gjerde og Stine Barstad: «Arild Hermstad valgt til ny leder i MDG», aftenposten.no, publisert 12.5.2018: https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/jPJQXo/Arild-Hermstad-valgt-til-ny-leder-i-MDG [lesedato 29.1.2019]

MDG: «Arild Hermstad», politikarprofil, mdg.no: https://mdg.no/kandidat/arild-hermstad/ [lesedato 13.3.2019]

Arild Hermstad, profil på Linkedin, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/arild-hermstad-9172a447/ [lesedato 13.3.2019]

 

Peikarar

NTB: «Går fra Fremtiden i våre hender til MDG», dn.no

Aina Fladset: «Bergenser Arild Hermstad blir MDGs nye talsperson», ba.no

Først publisert: 19.06.2019
Sist oppdatert: 15.10.2020