Hopp til innhold
Bård Hoksrud. Foto: Stortinget.
Bård Hoksrud. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Bård Hoksrud

Bård Hoksrud, handelsmann og politikar frå Framstegspartiet. I 2018 blei han den tredje landbruksministeren for Framstegspartiet, som er det partiet som har styrt landbruksdepartementet lengst i åra etter 2010.

Bård Hoksrud er fødd 26. mars 1973 i Porsgrunn i Telemark. Han fullførte treårig vidaregåande opplæringi handel og kontorfag i 1992. Frå han gjekk på ungdomsskulen og til og med året etter fullført vidaregåande skule arbeidde han som butikkmedarbeidar. Frå 1994 til 1998 arbeidde han som assisterande butikksjef og butikksjef i daglegvarehandelen.

 

Frå 1998 har han arbeidd med politikk- og organisasjonsarbeid på heiltid, først som organisasjonssekretær i Framstegspartiet og frå 2001 som politisk rådgivar. Han var formann i Framstegspartiets Ungdom i 1999–2002 og distriktssekretær for Buskerud, Telemark og Vestfold i 2002–05.

 

Hoksrud er av dei som starta den politiske karrieren sin i lokalpolitikken. Han sat heile 20 år i kommunestyret i Bamble (1991–2011). Der var han leiar for helse- og omsorgskomiteen i 1995–2003, etter ein avtale med dei andre borgarlege partia i kommunen. Han var medlem av landsstyret i KS (Kommunenes sentralforbund) i 2000–05.

 

Sidan 2005 har Hoksrud vore innvald på Stortinget frå Telemark. Sidan han blei vald som representant, har han vore medlem av gruppestyret. Han var medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen dei første åtte åra på Stortinget, deretter helse- og omsorgskomiteen. Han hadde permisjon frå vervet medan han var statssekretær i samferdselsdepartementet i 2013–15. I 2018 kom han tilbake i regjering, då som ny landbruks- og matminister.

 

Hoksrud har markert seg som ein politikar som er imot det han kallar unødvendige forbod og reguleringar. Han har talt for å tillate lakrispiper, ståhjuling, vasskuter og sal av sjokolademjølk og anna søtt i skulekantiner. Han har òg vore rekna som ein folkeleg og frittalande politikar, anten han har uttalt seg om bompengar eller eldreomsorg. I Framstegspartiet har han vore ein sentral politisk strateg i tida etter 2000. Han var tett på Carl I. Hagen som FpU-formann og rådgivar, og han heldt på denne posisjonen etter at Siv Jensen blei ny formann i 2006. Hoksrud er på mange måtar rekna som ein brubyggjar mellom dei tradisjonalistiske og dei liberalistiske fløyene i partiet.

 

Kjelder

Bård Hoksrud, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=B_AH [lesedato 30.8.2018]

Hanne Mauno: «Ja-mannen», portrettintervju i Dagsavisen 8.2.2018, dagsavisen.no: https://www.dagsavisen.no/helg-nye-inntrykk/portrett/ja-mannen-1.280218 [lesedato 30.8.2018]

Først publisert: 31.08.2018
Sist oppdatert: 05.09.2018