Hopp til innhold
Carl Joachim Hambro. Foto: Atlier Rude. Kjelde Oslo Museum CC BY SA 4.0
Carl Joachim Hambro. Foto: Atlier Rude. Kjelde Oslo Museum CC BY SA 4.0
X
Innhald

Carl Joachim Hambro

Carl Joachim Hambro var politikar for Høgre og stortingspresident.

Carl Joachim Hambro, 1885–1964, var politikar (H) og pressemann. Hambro var stortingsrepresentant i 1919–57, stortingspresident i 1926–33 og 1935–45, odelstingspresident i 1945–57 og delegert til Folkeforbundet i 1939–46. Han har hovudæra for at kongehuset, regjeringa og Stortinget slapp unna tyskarane 9. april 1940. Carl Joachim Hambro utforma «Elverumsfullmakta», som la det forfatningsmessige grunnlaget for regjeringsdrifta i 1940–45.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.02.2016
Sist oppdatert: 30.08.2017