Faktaboks

Peter Hansson Hognestad
Fødd
12. november 1866, Time
Død
1. september 1931, Bergen
Verke
Teolog
Familie

Foreldre: Bonde Hans Eivindsson Hognestad (1832–1925) og Tabitha Pedersdotter Herikstad (1832–1916).

Gift 27.6.1895 med Gabrielle («Ella») Dorthea Aasland (5.3.1872–18.12.1945), datter av bonde Christofer Christofferson Aasland (f. 1823) og Marta Maria Mossige (f. 1839).

Peter Hognestad var biskop i Bjørgvin frå 1916 til han døydde i 1931.

Peter Hansson Hognestad var ein norsk teolog og biskop som særleg er kjend for arbeidet sitt for nynorsk.

Hognestad vart cand.theol. i 1891. Han var stiftskapellan i Oslo stift med særleg ansvar for bygdeungdommen i hovudstaden og for å halde gudstenester på nynorsk. I 1908 vart han lærar i gammaltestamentleg teologi på det nyskipa Menighetsfakultetet. Frå 1916 var han biskop i Bjørgvin bispedømme.

Hognestad vart tidleg med i målreisingsarbeidet og tok del i arbeidet for fredssaka, fråhaldssaka og den økumeniske rørsla.

Han omsette delar av Det gamle testamente til nynorsk og var hovudredaktør av den nynorske bibelomsetjinga (1921). I 1908 gav han ut den nynorske utgåva av tekstbok for Den norske kyrkja, og var med i komiteen som arbeidde ut Alterboken av 1920. Han samarbeidde med Anders Hovden og Bernt Støylen om Nynorsk salmebok (1925).

Hognestad gav ut mellom anna Det gamle testamentet og bibelsoga (1912), Kristendom og folkeliv (1913), Profeten Daniel (1918) og Kyrkja er mor (1925).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Peter Hansson Hognestad
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392068239

Kommentarar (2)

skreiv Marte Storegjerde

I samlinga etter fotograf Olaf Storegjerde er det fleire bilde frå ein bispevisitas i Sande i 1928. Biskop Peter Hognestad skal vere på fleire av bilda, men eg veit ikkje kven av personane som er Biskop Hognestad. Kan du sjå på desse lenkene og gi meg tilbakemelding? Sjå: http://www.storegjerdesamlinga.no/storegjerde/galleri/3186 og http://www.storegjerdesamlinga.no/storegjerde/galleri/214 Helsing Marte Storegjerde Arbeidsgruppa for Storegjerdesamlinga

svarte Hallgeir Elstad

Når er ser på lenkjene, ser eg at du har funne ut kven av dei som er biskop Hognestad. Beste helsing Hallgeir Elstad

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg