Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Heikki Holmås

Heikki Holmås, siviløkonom. Holmås var stortingsrepresentant i fleire periodar for Sosialistisk Venstreparti for Akershus og er tidlegare bistandsminister i Noreg.

Heikki Holmås er fødd 28. juni 1972 på Voss og er oppvaksen i Bergen. Han tok examen artium ved Bergen Katedralskole i 1993, første avdeling jus ved Universitetet i Bergen i 1996, siviløkonomstudiet ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1996–99 og grunnfag i sosialøkonomi ved Universitetet i Oslo i 1999. I tillegg til å vere politikar har han arbeidd deltid som journalist i TV2 Interaktiv. Han er stortingsrepresentant for SV i 2001–17 og var bistandsminister i regjeringa Stoltenberg II 2012–13.

Holmås var representant for Sosialistisk Venstreparti i Bergen bystyre i 1995–99 og varamedlem i 1999–2001. Han var vararepresentant til Stortinget i 1997–2001 frå Oslo og hadde fast plass 2001–2017. Holmås var leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen i perioden 2009–13. Han var òg medlem av gruppestyret til SV på Stortinget i 2005–10. Dei viktigaste politiske sakene hans er miljø- og klimautfordringar, han arbeider for ein betre bustads-, innvandrings- og inkluderingspolitikk, og han har besøkt alle kommunane i Noreg.

Holmås har hatt verv i Sosialistisk Ungdom og SV sidan 1992, mellom anna som leiar av SU i 1996–99 og leiar av Oslo SV i 2008–10. Han har òg hatt ei rekkje andre verv, mellom anna i Norges Gymnasiastsamband og Forsvaret, og han var medlem i Kringkastingsrådet i 1998–2001, meddommar i Gulating lagmannsrett i 1999–2001 og nestleiar i Mannspanelet i 2007–08.

Kjelder

Heikki Holmås, Representanter og komiteer, stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HEH [lesedato 14.2.2012]

Heikki Holmås, biografi, regjeringen.nohttp://www.regjeringen.no/nn/dep/ud/Om-departementet/utviklingsminister_holmaas.html?id=676228 [lesedato 27.3.2012]

Bloggen til Heikki Holmås: http://www.heikki.no/ [lesedato 20.2.2012]

Peikarar

Heikki Holmås blir statsråd

Om mannspanelet på regjeringen.no

Bent Tandstad og Marit Kolberg på nrk.no om at Holmås trekkjer seg som kandidat til leiarvervet

Mirjam Pletanek Klingenberg på tv2.no

Først publisert: 08.10.2012
Sist oppdatert: 19.11.2019