Hopp til innhold
Jens Haugland. Foto: ©Stortingsarkivet/Scanpix.
Jens Haugland. Foto: ©Stortingsarkivet/Scanpix.
X
Innhald

Jens Haugland

Jens Haugland, jurist, dommar og tidlegare statsråd for Arbeidarpartiet. Haugland var ein av få sentrale Ap-politikarar som markerte seg både mot norsk medlemskap i NATO og EEC, men som vart verande i partiet.

Jens Haugland var fødd 16. april 1910 i Marnardal og døydde 2. mai 1991 same staden. Han tok examen artium i Mandal i 1932 og er utdanna cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1936. Haugland vart dommarfullmektig i Ryfylke i 1936. I 1943 opna han praksis som overrettssakførar i Kristiansand. Politiske verv fekk han tidleg både i partiet og i politikken elles. I Kristiansand var han medlem av bystyret i 1945–54. Han var stortingsrepresentant for Vest-Agder frå 1954 til 1973. I regjeringa Gerhardsen var han justisminister i 1955–63 og kommunal- og arbeidsminister i 1963–65.Haugland var ein leiande politikar i etterkrigstida, både i Vest-Agder og i statsstyringa. Han var både populær og omstridd. Frå 1968 til 1980 var han sorenskrivar i Setesdal, og frå 1980 var han bonde og privatpraktiserande advokat i Marnardal.

På venstresida i Arbeidarpartiet

Som statsråd fekk Haugland innblikk i «dei hemmelege tenestene» under den kalde krigen. Han stilte seg temmeleg kritisk då det kom avsløringar om desse tenestene etter påstandar om overvaking av norske borgarar. Seinare gav Lund-kommisjonen eit meir omfattande bilete av han.

Haugland nærma seg etter kvart politiske krefter i Arbeidarpartiet som var kritiske til utviklinga i NATO og tilhøvet til USA. Han markerte ei sterkare kritisk haldning til NATO.

Særleg var han kritisk til utviklinga i Hellas, der diktaturet tok over frå 1967, og der amerikansk etterretning hadde ei hand med. Haugland arbeidde for å isolere militærstyret i Hellas.

Då spørsmålet om norsk medlemskap i EEC kvesste seg til, vart Haugland ein av dei klaraste kritikarane i spørsmålet om medlemskap og stilte seg på linje med kampen mot EU-medlemskap frå 1970 og seinare.

Haugland var sterkt engasjert for det norske språket, som han dyrka og utvikla. I 1975–77 var han medlem av styret i Noregs Mållag.

I 1986 og i 1988 gav han ut to minnebøker om røynslene sine frå Stortinget, regjeringa og partiet: Dagbok frå Kongens råd og Dagbok frå Løvebakken. Det vekte ganske mykje oppsikt då bøkene kom med kvasse merknader og kritiske domar over politikken som var ført under Gerhardsen-regjeringane. Mildare var tonen i morobøkene han gav ut saman med advokaten Alf Nordhus.

Kjelder

Jens Haugland: Dagbok frå Kongens råd. Oslo 1986

Jens Haugland: Dagbok frå Løvebakken. Oslo1988

Jens Haugland og Alf Nordhus: Bølgjer i retten. Oslo1989

Knut Einar Eriksen: «Jens Haugland», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001

Trond Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Oslo 1985

Først publisert: 07.12.2018
Sist oppdatert: 07.12.2018