Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Kari Henriksen

Kari Henriksen, psykiatrisk sjukepleiar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Vest-Agder frå 2009.

Kari Henriksen er fødd 10. august 1955 i Vennesla i Vest-Agder og voks opp i Vennesla og i Kristiansand. Ho tok vidaregåande skule ved Kristiansand katedralskole i 1971–74, studerte spesialpedagogikk ved Agder Distriktshøgskole i 1982, tok sjukepleiarutdanning i Kristiansand i 1982–85, studerte spesialsjukepleie i psykiatri ved Stavanger sykepleierhøgskole i 1987, administrasjon og leiing ved Høgskolen i Agder i 1993–94 og tok mastergrad i folkehelse i 2000–05 ved Nordiska högskolan för folkhälsovetenskap i Göteborg.
Ho arbeidde som pleiemedhjelpar i 1976–85 og sjukepleiar i 1985–88 på Eg sykehus, var avdelingssjukepleiar ved A-klinikken i Kristiansand i 1987–94 og styrar der i 1994–2000. I 2000–07 var ho fagutviklingsleiar ved avdeling for rus- og avhengighetsbehandling ved Sørlandet sykehus, før ho var statssekretær i helse- og omsorgsdepartementet i 2007–09.
Henriksen var varamedlem for Arbeidarpartiet i Kristiansand bystyre i 1999–2003 og medlem i 2003–07. Ho var leiar av Kristiansand Arbeidarparti og styret i Aps kvinnenettverk i 2004–05, leiar av Vest-Agder Aps kvinnenettverk i 2004–07 og medlem av styret i Vest-Agder Arbeidarparti sidan 2005. Ho var vararepresentant på Stortinget i 2005–09 og fekk fast plass som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Vest-Agder frå 2009. Ho er særleg oppteken av sosial utjamning og inkludering, likestilling og velferdspolitikk.
Henriksen var medlem av styret i Vest-Agder idrettskrets i 1998–93, medlem av fylkesstyret i Norsk sykepleierforbund i 1987–90, leiar samen staden i 1990–93 og medlem av forbundsstyret i 1993–2000. Ho var rettleiar i stiftinga Seprep i 2003–05, leiar av småbåthamnutvalet i Kristiansand i 2003–07 og leiar av Nasjonalt kompetansenettverk for barn av foreldre med psykisk sjukdom eller som er rusmiddelavhengige, i 2007.
I 2000 gav ho saman med Jorun Jacobsen Buckley ut Æ du gal? – Om oppvekst på Eg sykehus.
Kjelder
Kari Henriksen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KARH [lesedato 1.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 02.12.2013
Sist oppdatert: 03.01.2014