Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen, markant partileiar i SV i 15 år og tidlegare finansminister og kunnskaps- og forskingsminister. I 2005 blei ho den første kvinnelege finansministeren i Noreg.

Kristin Halvorsen er fødd 2. september 1960 i Horten og voks opp i Porsgrunn. Ho tok vidaregåande skule i Skien i 1976–79, mellomfag i sosialpedagogikk i 1981 og kriminologi grunnfag i 1982 ved Universitetet i Oslo og arbeidde som sekretær i eit advokatfirma i 1984–85. Sidan 2005 har ho vore minister for Sosialistisk Venstreparti i koalisjonsregjeringa av SV, Ap og Sp. I perioden 2005–09 var ho finansminister, i 2009–12 kunnskapsminister og 2012–13 kunnskaps- og forskingsminister. 2014—2017 er ho leiar av bioteknologinemnda. Halvorsen er direktør for klimaforskingsstiftinga CICERO.
Halvorsen var organisasjonssekretær i Sosialistisk Ungdom (SU) i 1982–84 og leiar i 1984–86. Ho var kvinnepolitisk sekretær i Sosialistisk Venstreparti i 1985–89, medlem av hovudstyret i 1987–89, kvinnepolitisk leiar i 1995–97, parlamentarisk leiar i 1997–2005 og leiar i SV frå 1997 til 2012, den lengst sitjande partileiaren i Noreg. Ho var vararepresentant til Stortinget i perioden 1985–89 for Oslo og har hatt fast plass frå 1989 til 2013, men sidan 2005 har ho vore statsråd, frå 2012 til 2013 med ansvar for politikken knytt til barnehagar, opplæring og forsking.
Halvorsen tok ikkje attval ved stortingsvalet i 2013.
Ho har personleg fått mykje av æra for oppturen til SV i byrjinga av 2000-talet og for å leggje til rette for regjeringssamarbeidet med Ap og Sp. Halvorsen hadde og ei viktig rolle i barnehageforliket mellom Sosialistisk Venstreparti, Framstegspartiet, Senterpartiet og Arbeidarpartiet i 2003, som har resultert i full barnehagedekning og maksimalpris i barnehagar.
Ho gav ut boka Rett fra hjertet (2004), som var ein politisk sjølvbiografi i form av ein samtale med Ingolf Håkon Teigene. I 2012 kom sjølvbiografien Gjennomslag som ho skreiv saman med politisk journalist Lilla Sølhusvik. Ho fekk Kommunikasjonsprisen i 2002 frå Norsk Kommunikasjonsforening og var den første partileiaren som lanserte eigen blogg i 2004.
Kjelder
Kristin Halvorsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KHA [lesedato 24.2.2012]
Ingunn Norderval sin utdjupingsartikkel om Kristin Halvorsen på snl.no: http://snl.no/.nbl_biografi/Kristin_Halvorsen/utdypning [lesedato 24.2.2012]
Peikarar

Først publisert: 14.05.2012
Sist oppdatert: 21.02.2017