Hopp til innhold
Linda Hostad Helleland. Foto: Stortinget.
Linda Hostad Helleland. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Linda Hofstad Helleland

Linda Cathrine Hofstad Helleland, politikar og stortingsrepresentant for Høgre frå Sør-Trøndelag i fleire periodar. Ho er barne- og likestillingsminister.

Linda Hofstad Helleland er fødd 26. august 1977 i Klæbu i Sør-Trøndelag. Ho gjekk på Adolf Øiens videregående skole i 1993–97 og var utvekslingselev ved Walled Lake Central High School i USA i 1994–95. Ho studerte medievitskap, statsvitskap og sosiologi ved NTNU i 1998–2000, statsvitskap ved Høgskolen i Molde i 2005, leiing og coaching og prosjektleiing ved BI i 2006–07.

Hofstad Helleland var medlem av arbeidsutvalet i Unge Høgre i Klæbu i 1995–98 og Unge Høgre i Sør-Trøndelag i 1996–97. I 1997–98 var ho ungdomssekretær og i 1999–2000 leiar i Sør-Trøndelag Unge Høgre. I 2000–01 var ho organisasjonssekretær i Unge Høgres Landsforbund.

Frå 2001 til 2009 var ho vararepresentant på Stortinget for Høgre og i 2007–08 informasjons- og presserådgivar for Høgre og for stortingsgruppa til Høgre. Frå 2009 var ho fast stortingsrepresentant for Høgre frå Sør-Trøndelag. Ho blei utnemnd til kulturminister i Erna Solberg si blå-blå regjering i desember 2015. I den blågrøne regjeringa frå januar 2018 er ho barne- og likestillingsminister.

Hofstad Helleland var medlem av kommunestyret i Trondheim i 1999–2001, 1. nestleiar i Sør-Trøndelag Høgre i 2005–08, leiar i 2008–09 og igjen 1. nestleiar frå 2012. Sidan 2004 har ho vore medlem av arbeidsutvalet i Høgre, kvinnepolitisk leiar frå 2004, og ho har vore medlem av sentralstyret i partiet.

På Stortinget var ho formelt vararepresentant frå 2001 til 2009, men møtte fast for Børge Brende, som var statsråd, i 2001–05. Ho møtte igjen som vararepresentant frå 2008. Frå 2009 fekk ho fast plass på Stortinget. Ho var medlem av justiskomiteen, så familie- og kulturkomiteen og deretter leiar av transport- og kommunikasjonkomiteen.

Som politikar har Hofstad Helleland ho gått gradane i Høgre, og ho er arbeidssam, van med media og har stor gjennomslagskraft. Dei viktigaste politiske sakene hennar er samferdsel og vegutbygging, utdanning, idrett og helse.

Ho var medlem av forstandarskapet for Klæbu Sparebank i 2004–07, og ho har vore varamedlem i kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene sidan 2006.

Kjelder

Linda Hofstad Helleland, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=LCH [lesedato 15.12.2015]

Peikarar

«Adresseavisen: Helleland blir ny kulturminister», journalisten.no:http://journalisten.no/2015/12/aftenposten-nrk-widvey-ut-av-regjeringen-helleland-ny-kulturminister

«Hun kan være den nye stjerna til Erna», nrk.no:http://www.nrk.no/kultur/hun-kan-vaere-den-nye-stjerna-til-erna-1.12705260

«Hofstad Helleland om Oslo-byrådet: Bygger 'Berlin-mur' mot bilistene», vg.no: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/kommunevalget-2015/hofstad-helleland-om-oslo-byraadet-bygger-berlin-mur-mot-bilistene/a/23545929/

Først publisert: 17.12.2015
Sist oppdatert: 17.01.2018