Hopp til innhold
X
Innhald

Morten Høglund

Morten Høglund, rådgivar og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus 2001—13 og statssekretær i Utanriksdepartementet frå 2013.

Morten Høglund er fødd 16. juli 1965 i Ski i Akershus. Han tok vidaregåande skule ved Otto Treiders Handelsskole i 1981–82 og 1983–85, American Fork High School i Utah, USA i 1982–83, studerte ved Wichita State University i Kansas, USA og gjekk på Bedriftsøkonomisk Institutt i 1993–94.
Høglund arbeidde som seljar i 1986–87 og ekspeditør i 1987–90, før han blei tilsett på partikontoret til Framstegspartiet som undersekretær i FrPs hovudorganisasjon i 1990–93, utgreiingsleiar i 1993–94, politisk rådgivar i 1994–97, leiar av politisk avdeling i 1997–2000 og politisk rådgivar for FrPs stortingsgruppe i 2000–2001.
Han var medlem av Ski formannskap i 1987–89, varaordførar i Ski i 1989–91, varaordførar i Asker i 1995–2003 og varamedlem i Akershus fylkesting i 1995–99. Høglund har vore medlem og nestleiar i styret i Akershus FrP og medlem av sentralstyret i FrP sidan 2008.
2001—13 var  han stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus før han blei statssekretær i Utanriksdepartementet etter stortingsvalet i 2013. Dei viktigaste politiske sakene hans er energi, næringsliv og infrastruktur.
Høglund var medlem av miljøvernutvalet i Ski i 1987–91, nestleiar i administrasjonsutvalet i 1989–91, medlem av skulestyret i Asker i 1993–95 og medlem av økonomiutvalet og leiar av forhandlingsutvalet og administrasjonsutvalet i Asker frå 1995. Han var leiar av Oslo Dragebåtklubb i 1988–92, styremedlem i European Dragonboat Federation i 1991–95 og leiar i Den arktiske parlamentarikarkomiteen frå 2011.
Kjelder
Morten Høglund, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=MORH [lesedato 5.3.2012]
Morten Høglund, «Statssekretær Morten Høglund ( Frp )», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/nb/dep/ud/org/pol_ledelse/bb_ledelse/hogm/id746189/[lesedato 9.2.2014]
Peikarar

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 02.02.2015