Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Hjelmtveit

Nils Hjelmtveit, lærar og politikar for Arbeidarpartiet, som kyrkje- og undervisningsminister innførte han framhaldsskule, og han kjempa mot obligatorisk teoretisk ungdomsskule for alle elevar.

Nils Hjelmtveit var ein sentral skulepolitikar i mellomkrigstida. I Johan Nygaardsvolds regjering frå 1935 og fram til andre verdskrigen var han kyrkje- og undervisningsminister. Hjelmtveit endra skuledagen for norske born gjennom viktige reformer.

Hjelmtveit var fødd i Alversund i Hordaland 27. juli 1892 og døydde 30. oktober 1985 i Moland i Aust-Agder. Lærarskuleeksamen fekk han på Stord i 1913, og i Eydehavn i Stokken kommune i Aust-Agder fekk han lærarpost. Etter nokre år som lærar var han skulestyrar frå 1918 til 1946. Hjelmtveit var medlem av Arbeidarpartiet og hadde mange verv og oppgåver. Han var ordførar i Stokken kommune i 1932–35, og han var stortingsrepresentant i 1925–30, kyrkje- og undervisningsminister i 1935–45 og fylkesmann i Aust-Agder i 1945–61.

I skulepolitikken var han særs aktiv. Han arbeidde for reformer med ei meir praktisk tilnærming. Kunnskap var grunnleggjande for alle. Teoretisk opplæring var viktig – men det praktiske skulle liggje i botnen. Hjelmtveit hadde ei god songrøyst og arbeidde for fellesskap i song og kultur. Han var eit organisasjonsmenneske og hadde i tillegg til arbeidarrørsla feste i fråhaldsrørsla.

I dei politiske stormkasta i arbeidarrørsla i tjueåra, med kløyving og strid, var han mest på Tranmæl si side og var heller varsam i dei ideologiske oppgjera. Han hadde i det heile mest sans for praktisk politikk lokalt.

I regjeringsåra 1935–45 stod han Nygaardsvold nær – i rikspolitikken og i London-tida. Han skreiv ei bok om det politiske livet sitt: Vekstår og vargtid, der han gav uttrykk for eigne røynsler og gav kritiske perspektiv kring krigshendingane i perioden fram til 1945. Det vart brytningar mellom regjeringa og «Kretsen», med strid om regjeringa si rolle, om Stortinget og heimefronten sine interesser. For Hjelmtveit vog dei konstitusjonelle prinsippa tungt når overgangstida kom i 1945: Regjeringa skulle gå av, Stortinget skulle tre saman og det skulle haldast nyval etter konstitusjonell ordning. Hjelmtveit heldt fast på slike prinsipp.

Kjelder

Nils Hjelmtveit: Vekstår og vargtid. Oslo 1969

Stortinget 5.11.1985: Stortingspresidenten sin minnetale om Hjelmtveit

Einar A Terjesen: «Nils Hjelmtveit», Norsk biografisk leksikon, nbl.snl.no: https://nbl.snl.no/Nils_Hjelmtveit

Først publisert: 07.12.2018
Sist oppdatert: 07.12.2018