Faktaboks

Sigvald Oppebøen Hansen
Fødd
21. september 1950, Nissedal, Telemark
Sigvald Oppebøen Hansen.

Sigvald Oppebøen Hansen er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet, som var stortingsrepresentant frå Telemark 1993–2013.

Bakgrunn

Sigvald Oppebøen Hansen er fødd i Nissedal. Han tok handelsskule 1969–1970 og Postskolen 1970–1971. Hansen arbeidde som butikkmedarbeidar 1966–1967, var sjømann 1967–1968, arbeidde som postbod i Oslo 1969–1978 og som landpostbod i Treungen 1978–1993.

Politisk karriere

Sigvald Oppebøen Hansen var kommunestyrerepresentant i Nissedal 1983–1987, medlem av styret for Telemark Arbeidarparti frå 1989 og medlem av fylkestinget i Telemark 1983–1993. I perioden 2015–2019 var han igjen medlem av fylkestinget i Telemark, og han var 2019–2023 fylkestingsrepresentant i det sammenslåtte Vestfold og Telemark fylke.

I 1993 blei han vald inn på Stortinget frå Telemark. Han vart attvald ved stortingsvala 1997, 2001, 2005 og 2009, og satt 20 år samanhengande på Stortinget. Han takka nei til attval til Stortinget før stortingsvalet i 2013. Hansen var varasekretær 1997–2001 og sekretær 2001–2005 i Odelstinget. I løpet av dei tjue åra han var stortingsrepresentant var han medlem av ulike komitear. Han sat i kontroll- og konstitusjonskomiteen 1993–1997, kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen 1997–2001, kommunalkomiteen 2001–2005, næringskomiteen 2005–2009 og 2009–2013, og til sist justiskomiteen 2009–2013.

Andre verv

Sigvald Oppebøen Hansen har hatt mange offentlege verv. Han var medlem av Kringkastingsrådet 2014–2021 og styreleiar i det interkommunale selskapet Gea Norvegica Geopark. Han var leiar av Noregs Ungdomslag i Treungen 1979–1993 og nestleiar i Norsk Postforbund i Aust-Agder 1990–1993. Han var leiar av Løvebakken Mållag 2001–2005.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg