Hopp til innhold
Foto: Ilja C. Hendel/ Regjeringa
Foto: Ilja C. Hendel/ Regjeringa
X
Innhald

Solveig Horne

Solveig Horne, butikkslaktar, stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Rogaland og barne-, likestillings- og inkluderingsminister i Solberg-regjeringa frå oktober 2013 til januar 2018.

Solveig Horne er fødd 12. januar 1969 i Haugesund i Rogaland og voks opp i Etne i Hordaland. Ho gjekk på Gand videregående skole i 1985–87 og på Hinna videregående skole i 1987–88, hadde praksis ved Samvirke Økonom i 1988–90 og fekk fagbrev som butikkslaktar i 1990. i 1990–96 var ho ferskvareleiar ved Samvirke Økonom, formannskapsmedlem i Sola kommunestyre i 1995–2007 og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Rogaland i 2005–13, før ho blei barne-, likestillings- og inkluderingsminister i Solberg-regjeringa i 2013, som ho sat som fram til januar 2018.

Horne var kommunestyrerepresentant for Framstegspartiet og medlem av formannskapet i Sola i 1995–2007, leiar i Sola Frp i 1998–2000, fylkesstyrerepresentant i Rogaland i 1999–2003 og medlem av fylkesutvalet i 2003–05. Ho var leiar av Rogaland Framstegsparti og medlem av landsstyret til partiet i 2000–06. Horne var vararepresentant til Stortinget for Rogaland Frp i 2001–05 og er blitt vald inn på fast plass i periodane 2005–21. I den første perioden (2005–09) var ho medlem av justiskomiteen, i den andre (2009–13) første nestleiar i familie- og kulturkomiteen.

Før ho blei statsråd, har ho kome med kontroversielle ytringar om homofile og valdtektsoffer, og som minister vil ho mellom anna arbeide for å oppheve lovforbodet om kjøp av sex som Stortinget vedtok i 2008, og redusere den obligatoriske delen av farspermisjonen.

Horne har hatt fleire offentlege verv, mellom anna som medlem av styret for Forus Næringspark i 1999–2004, medlem av styret for Stavangerregionens Europakontor i 2003–05, medlem av Europarådet i 2004–06 og medlem av styret for Innovasjon Norge, Rogaland i 2004–05.

Kjelder

Solveig Horne, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=SHK [lesedato 19.10.2013]

Om Solveig Horne på regjeringa.nohttp://www.regjeringen.no/nn/dep/bld/-Om-departementet/barne--likestillings--og-inkluderingsm-2.html?id=742896 [lesedato 19.10.2013]

Peikarar

«Horne: – Hjemmeværende blir diskriminert», aftenposten.no

«Solveig Horne: – Hadde kanskje ordlagt meg annerledes i dag», nrk.no

«– Horne må gå av», nettavisen.no

Først publisert: 04.02.2014
Sist oppdatert: 19.01.2018