Hopp til innhold
X
Innhald

Sondre Hansmark

Sondre Hansmark Persen, student, politikar og leiar i Venstre sin ungdomsorganisasjon Unge Venstre frå 2017. Han har utfordra moderpartiet der det har vore lite liberalt i saker som abort og ruspolitikk.

Sondre Hansmark er fødd 31. juli 1995 og voks opp i Askøy kommune i Hordaland. Han tok linja for medium og kommunikasjon ved Bergen Private Gymnas i 2011–14, og han tek eit bachelorstudium i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen frå 2015. Som Unge Venstre-leiar bur han i Oslo og har teke pause frå studia.

Hansmark melde seg inn i Unge Venstre i 2013 og var først aktiv i Askøy Unge Venstre. Han var nestleiar og økonomiansvarleg i Bergen Unge Venstre i 2015 og leiar i 2015–17. Før han blei leiar i ungdomsorganisasjonen i 2017, var han medlem av sentralstyret i to år. Ved stortingsvalet i 2017 var han ungdomskandidaten til Hordaland Venstre og 2. vararepresentant til Stortinget for perioden 2017–21.

Hansmark var positiv til at Venstre skulle gå i regjering med Høgre og Framstegspartiet. Men han har gått ope ut og kritisert leiaren av Venstre, Trine Skei Grande. Han meiner at Venstre har inngått for mange kompromiss for å kome i regjeringsposisjon, og at veljarane ikkje lenger veit kva partiet står for.

Hansmark har eit stort engasjement for ein liberal asylpolitikk og vil ha ei rusreform der rusmisbrukarane får hjelp i staden for å blir straffa. Han er i tillegg oppteken av klimasaka og vil kjempe mot barnefattigdom, og han er motstandar av ei strengare abortlov.


Kjelder

Asli Altunøz: «Ukas student er Unge Venstres nye leder Sondre Hansmark», studenttorget.no, sist oppdatert 14.2.2018: https://studenttorget.no/index.php?show=4840&expand=3797,4840&artikkelid=19473 [lesedato 5.3.2019]

Sondre Hansmark Persen, profil, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/sondre-hansmark-persen-6638a26a/?originalSubdomain=no [lesedato 12.3.2019]

Hordaland Venstre: «Presentasjon av Sondre Hansmark Persen», venstre.no: https://www.venstre.no/artikkel/2016/06/20/presentasjon-sondre-hansmark-persen/ [lesedato 12.3.2019]

 

Peikarar

Mads Fremstad: «Knallhardt oppgjør med Trine Skei Grande: – En tabbe», tv2.no

Karen Tjernshaugen: «Ny ungdomspartileder: Ja til Venstre i regjering», aftenposten.no

 

Først publisert: 26.08.2019
Sist oppdatert: 26.08.2019