Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Svein Harberg

Svein Harberg, sjølvstendig næringsdrivande, tidlegare ordførar i Grimstad og stortingsrepresentant for Høgre frå Aust-Agder sidan 2009.

Svein Harberg er fødd 30. juli 1958 i Bergen, der han voks opp, og han har budd i Grimstad sidan 1988. Han gjekk musikklinja ved Framnes folkehøgskole i 1975–76 og tok eksamen som driftsøkonom frå NKS i 1982. Han ar arbeidde som lagerarbeidar ved Johan Aksdal engros i 1974–75, salssjåfør ved Steinar Andersen Agentur i 1976–78, ungdomsarbeidar i Indremisjonssamskipnaden i 1978–80, butikkmedarbeidar ved Berland matsenter i 1980–82 og salssjåfør ved Bjarte Tolaas Agentur i 1982–84. Han var sjølvstendig næringsdrivande og dagleg leiar i mellom anna Ønskekjøp, SH Agentur, SH Reiser og Harberg AS frå 1983 til 2003, senterleiar ved Odden butikksenter i Grimstad i 1988–93, salssjef ved Selektiv Invest i 1993–99 og dagleg leiar i Trainee Sør i 2008–09.
Harberg var varamedlem for Høgre i Grimstad kommunestyre i 1995–99, medlem i 1999–2003 og ordførar i 2003–07. Han var medlem av styret i Grimstad Høgre i 1989–2009, medlem i styret i Aust-Agder Høgre i 1991–93, leiar i 1993–2009, medlem av Aust-Agder fylkesting i 2003–07 og fylkesutvalet i Aust-Agder i 2007–09 og medlem av sentralstyret i Høgre i 1993–2009. Frå 2009 er Harberg stortingsrepresentant for Høgre frå Aust-Agder og leier familie- og kulturkomiteen 2013—2017. Han arbeider særleg for å synleggjere Aust-Agder, for betre samferdsel og for gode oppvekstvilkår for barn og unge.
Han var medlem av styret og redaktør i Radio Grimstad i 1990–96, medlem av styret til fotballklubben Jerv i 1991–2000, medlem av Agderrådet i 2003–07, varamedlem i styret for Agder renovasjon i 2003–07, leiar av styret for Stiftelsen Grimstad Bys Museer i 2005–09 og leiar for Stiftelsen Fjordane Utvandrersenter frå 2008.
Kjelder
Svein Harberg, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=SHAR [lesedato 2.3.2012]
Omtale av Svein Harberg i Høgres medlemsmagasin: http://www.e-pages.dk/hoyre/53/3 [lesedato 2.3.2012]
Peikarar
Bloggen til Svein Harberg

Først publisert: 14.10.2013
Sist oppdatert: 08.03.2016