Hopp til innhold
Foto: ungevenstre.no
Foto: ungevenstre.no
X
Innhald

Tord Hustveit

Tord Hustveit, student, politikar og leiar i Unge Venstre, ungdomsorganisasjonen til partiet Venstre, sidan 2013.

Tord Hustveit er fødd 14. januar 1992 i Eidsvoll i Akershus. Han gjekk på vidaregåande skule på Eidsvoll i 2008–11 og held på med ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo.
Han melde seg inn i Unge Venstre i 2009, blei leiar av Romerike Unge Venstre og fylkesleiar i Akershus Unge Venstre i 2011 og blei så vald inn i sentralstyret i partiet i 2012. Hausten 2013 blei han vald til leiar i Unge Venstre etter Sveinung Rotevatn. Hustveit var medlem av styret i Akershus Venstre i 2011–13, var vararepresentant til kommunestyret i Eidsvoll for Venstre i perioden 2011–15 og medlem av fylkestinget i Akershus frå 2015. 
Hustveit er oppteken av klima- og miljøpolitikk, og han meiner mellom anna at ein må kutte i bruken av oljepengar og redusere CO2-utsleppa. Han seier ja til norsk medlemsskap i EU, meiner at 16-åringar bør få røysterett og at tida er moden for å opne for legalisering av cannabis. Han stod i bresjen for å få Venstre til å redusere sjukeløna på landsmøtet i 2014. Medan Unge Venstre stod i tydelegare politisk konflikt med Venstre under dei to førre leiarane, har Unge Venstre og Venstre blitt meir konsoliderte politisk under leiinga til Hustveit. Det skuldast blant anna at vektlegginga personleg fridom og fri marknad har blitt tydelegare i partiet generelt.  
Hustveit var elevrådsleiar ved Eidsvoll videregående skole då han gjekk der.
Kjelder
Svein Olav B. Langåker: «– Tar ikkje tak i dei store utfordringane», framtida.no, publisert 3.10.2013: http://framtida.no/articles/tar-ikkje-tak-i-dei-store-utfordringane#.VDKpmVeGck8 [lesedato 11.5.14]
Jan Arne Sandholtbråten: «– Klima vår viktigste politiske utfordring», Eidsvoll Ullensaker Blad, publisert 8.1.2014: http://www.eub.no/article/20140108/UNKNOWN/140109947/1013 [lesedato 11.5.14]
Peikarar

Presentasjon av Tord Hustveit, venstre.no

Først publisert: 20.10.2014
Sist oppdatert: 29.03.2017