Hopp til innhold
X
Innhald

Trond Helleland

Trond Helleland, statsvitar og stortingsrepresentant for Høgre frå Buskerud sidan 1997. I oktober 2013 vart han parlamentarisk leiar.

Trond Helleland er fødd 10. juli 1962 i Kvam i Hordaland og voks opp i Oslo og Ål i Hallingdal. Han var elev ved Hallingdal gymnas i 1981 og Concordia College i Moorhead, USA i 1981–82. Han blei cand.mag. med faga statsvitskap, historie og offentleg rett ved Universitetet i Oslo i 1989 og har eksamenar frå eit påbegynt hovudfagsstudium i statsvitskap i 1993. Helleland var rådgivar for Høgre si stortingsgruppe i 1994, reiselivskonsulent i 1995 og konsulent innanfor regional utvikling i Buskerud fylkeskommune i 1996.
Helleland var leiar av Ål Unge Høgre i 1980–81, nestleiar i Buskerud UH i 1983–84, medlem av UHs sentralstyre i 1984–88, leiar i UHs Landsforbund i 1986–88, medlem av Høgres arbeidsutval i 1986–88, medlem av programkomiteen i partiet i 1988–89 og 1995–97, bystyrerepresentant i Drammen i 1995–99, medlem av fylkestinget i Buskerud i 1987–91, medlem av fylkesutvalet i 1991–95, leiar av Buskerud Høgre i 1990–98 og medlem av sentralstyret i Høgre i 1986–88 og 1990–98. Han var vararepresentant til Stortinget i 1989–97 og har hatt fast plass på Stortinget for Høgre frå Buskerud frå 1997. Han var leiar av justiskomiteen i 2001–05 og arbeider politisk mellom anna for samferdsel generelt og vegutbygging spesielt.
Helleland var medlem av landsutvalet for tillitsmenn i Forsvaret i 1982–83, landsrådet for LNU i 1985–86, medlem av Sivilforsvarsrådet i 1989–88, medlem av styret i Folk og Forsvar i 1986–92, visepresident i Nordisk Ungkonservativ Union i 1987–89 og nestleiar i DEMYC (Unge Høgres europeiske samarbeidsorganisasjon) i 1989–93. Han var medlem av Buskerud Reiselivsråd i 1987–93, Kringskastingsrådet i 1994–97, leiar av administrasjonsutvalet i Drammen i 1995–99, medlem i styret for Drammen og Omegn Busslinjer i 1996–99 og leiar i styret for Buskerud Næringsselskap A/S i 1999–2001.
Trond Helleland er parlamentarisk leiar for Høgre sidan oktober 2013.
Kjelder
Trond Helleland, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TROH [lesedato 9.3.2012]
Omtale av Trond Helleland på hoyre.no: http://www.hoyre.no/Trond+Helleland.F93RrS1AogdjnF6B3RfQXj.ips [lesedato 9.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 03.07.2012
Sist oppdatert: 17.10.2013